Studentmållaget i Nidaros

Årsmelding 2008

Årsmelding for 2008, Studentmållaget i Nidaros
Kristin Fridtun og André Midtskogseter Reite har skrive årsmeldinga. Kristin legg henne fram.

Studentmållaget i Nidaros har no 79 betalande medlemer (som har svara medlemspengar i 2008 eller 2009). Dette er langt færre enn på same tida i fjor, då me nærma oss 100 medlemer. Likevel er det god kveik i laget og me har mange eldhuga lagsfolk. Framtidsvonene er gode, og dei vert endå betre om me fær verva inn fleire.

Deltaking på tilskipingar

SmiN-folket har fare vide det siste året og hatt utsendingar på mest alle NMU-tilskipingane og i tillegg mange andre samlingar for målfolk.

Vinterleiren. I år var vinterleiren åt Norsk Målungdom på Bjorli i Oppland helga 25.-27. januar. Deltakarane frå SmiN var Solveig Foss, Styrkaar Hustveit, Åsmund Ryningen og Kristin Fridtun. Mykje ”sjog”, mange målungdomar og mykje moro. Samlinga var godt planlagd og gjennomførd.

Studentsamling I. Studentmållaget i Bergen skipa til studentsamling 22.-24. februar. Mange frå SmiN var huga på å fara. Diverre er det mest sømelegt å koma seg til Bergen med fly, og dimed vart det mykje i ferdakost for den vesle SmiN-kassa. ”Dei gamle” lét dei unge og urøynde koma framom seg i køen, og deltakarane våre var Silje Warberg, Tone Rossow, André Midtskogseter Reite og Kristin Fridtun. Det var ei gild og lærerik samling.

Sumarleiren. I år var sumarleiren i Aurland 8.-13. juli. Jens Morten Nilsen, gamal SmiN-sheriff, var ihuga saftblandar.

Studentsamling II. SmiN skipa til studentsamling 26.-28. september. Me budde på Singsaker skule. Drygt 20 målstudentar og målungdomar deltok. Planleggjinga og gjennomføringa gjekk godt og me fekk mykje skryt for samlinga. Klimakset var då fysikkprofessor Alex Hansen gjekk i klinsj med NMU-leiar Jens Kihl.

Mangfaldseminaret. I år var haustsamlinga lagd til Bergen, 10.-12. oktober. Kristin Fridtun var einaste deltakaren frå SmiN. Det var stor stas då Linda Eide kom for å ta imot dialektprisen frå NMU.

SmiN-arar på landsmøte

NMU-landsmøtet. I år var NMU-landsmøtet på Voss i Hordaland, 28.-30. mars. Fem SmiN-utsendingar deltok på møtet. Dessutan var Jens Morten Nilsen ”saftblandar” og ihuga arbeidskar på kjøkenet. Utsendingane frå SmiN var Kjell Sindre Schmidt, Siv Ådnegard Skulstad, Kristin Fridtun, André Midtskogseter Reite, Tone Rossow. Alle kom med i nemnder og stell av ymse slag.

Landsmøtet for Noregs Mållag. I år var NM-landsmøtet i Stavanger 25.-27. april. SmiN kunne senda to utsendingar, og André Midtskogseter Reite og Kristin Fridtun fór. Morosamt å vera med dei vaksne!

Deltaking i nemnder og andre lag

I landsstyret åt NMU er det no tre SmiN-arar; Tone Rossow, Siv Ådnegard Skulstad, Kristin Fridtun. Simon Hansen gjekk ut or styret i mars 2008. Ola Haugen Havrevoll er med i økonomiutvalet åt NMU. Tone og Siv flytte til Oslo i sumar og vart då SmiO-arar og ikkje SmiN-arar. Tone er med i Internasjonalt utval, Kjell Sindre Schmidt er med i Studentutvalet og Kristin er med i programnemnda for ”Noreg som eit fleirkulturelt samfunn”. Kristin Fridtun er òg varaformann i Ivar Aasen-sambandet og styremedlem i Nidaros Mållag.

Aksjonar

Dude, where’s my språk? Aksjon i samband med kinokampanjen utanføre Nova kino, samstundes med filmfestivalen Kosmorama. Nokon ifrå Euforia film fekk eit flogskrift og 26. september hadde Tropa de Elite premiere i Noreg – teksta på nynorsk. Ein vellukka aksjon, med andre ord.

Eksamensaksjon. Onsdag 7. mai selde me vaflar og fortalde folk om retten til å få eksamen på nynorsk.

Immatrikuleringa. Silje Warberg og Kristin Fridtun stod på stand nedpå Gløshaugen då ny-studentane vart immatrikulerte. Høgdepunktet var då store flokkar frå Pirum og Candiss kom for å få ”Kvifor ikkje?”-jakkemerke.

Verveaksjon. 3. september stod André, Silje og Kristin på stand i Gata på Dragvoll. Den dagen fekk SmiN tre nye medlemer.

Verve-og-dialektaksjon. Torsdag 22. januar tok me ein ny verve-sveip på NTNU, denne gongen på Stripa på Gløshaugen. Det vart ein ny medlem.

Tog

SmiN har gått i to tog i Nidaros i år. Me var med i 1.mai-toget og borgartoget på 17. mai. Dette er ein god og morosam måte å syna fram samskipnaden og spreia den glade bodskapen på.

Styremøte

Styremøte. SmiN har hatt 7 styremøte i denne perioden. Alt har gått vel føre seg.

Møte om studentsamlinga. 27. august hadde me eit møte der med la planar og førebudde studentsamlinga.

Omframt årsmøte. 16. september hadde me omframt årsmøte på BUL-kontoret. Det var trong til å velja inn nye folk i styret ettersom mannetapet var stort etter sumaren. Frå 16. september har styret vore slik:

Leiar: Kristin Fridtun
Økonomiandsvarleg: Ola Haugen Havrevoll
Skrivar: André Midtskogseter Reite
Styremedlem: Aline Lee
Styremedlem: Silje Warberg

1. vara: Marie Kuvås
2. vara: Per Esben Svelstad
3. vara: Halldis Folkedal

Ymse samlingar og kurs

Matpakkesamling. Me har hatt sporadiske matpakkesamlingar dette året. Stundom magert oppmøte, men alltid feite nistepakker og ”hommør” på dei som kom.

Ope møte. Onsdag 14. mai skipa SmiN til ope møte om morsmål og morsmålsopplæring. Me hadde fire innleiarar; ein språkvitar frå NTNU, ein FpU-politikar, ein morsmålslærar (i swahili) frå Saupstad skule og vår eigen Jens Kihl. Om lag 25 folk møtte opp, unge og gamle, SmiN-arar og ikkje-SmiN-arar. Me fekk i gang spørsmålsrundar og ordskifte med trøkk i.

Eksamensfrukost I. Fredag 9. mai var det eksamensfrukost på Dragvoll. Om lag 15 kom, maten smakte, og me selde nokre SmiN-skjorter.

Sumaravslutning. Laurdag 24. mai skipa me til grilling og stas på plenen attmed Voll gard. Kristin vann spørjetevlinga.

Eksamensfrukost II. Den andre eksamensfrukosten dette året var på Låven (Dragvoll) onsdag 3. desember. Dårlegare oppmøte enn sist, men jamn fordeling mellom kjønna.

Joleavslutning. Me hadde grautkveld onsdag 10. desember. Kristin fekk mandelen (og dimed marsipangrisen). Bilete av storhendet ligg ute på www.smin.no.

Dugnad I. Me laga diplom til Marie Sigmundsdatter Stølen. Ho fekk diplomet onsdag 15. oktober, medan det var vaflar og styrekaffi i Biblioteket på Samfundet.

Nynorskkurs. Ingar Arnøy kom til Dragvoll og heldt nynorskkurs for drygt 25 studentar 4. og 5. november. Neste gong skal han få fire timar kvar kveld, og ikkje tre som no. Stor suksess. Endåtil dansken vart frelst.

Teatertur. Me var på Trøndelag Teater og såg stykket ”Kom ikkje med heile sanningi” av og med Riksteateret torsdag 20. november. Gildt stykke! Men kom i hug studentprovet!

Dugnad II. Me laga diplom til Simon Hansen som takk for alt arbeidet han gjer med vevstaden vår.

Ny vevside

I vår og sumar har vevnemnda Simon og Tone gjort eit dugeleg arbeid med www.smin.no. Denne må me verta endå flinkare til å bruka. Me har fått mykje skryt for sida, og Simon har fått diplom (sjå ovan).

Mediearbeid

Kinokampanje. Lesarbrev om kinoteksting på nynorsk i Under Dusken og Adresseavisa. Me sende òg ut ei pressemelding. Sak i Under Dusken om same saka (mars 2008). Simon, Silje, André og Kristin figurerte bryskt på eit stoooort fargefotografi. Under Dusken laga òg ei sak då Tropa de Elite hadde premiere.

Nynorsk i eksamensoppgåver. Me fekk eit lesarbrev om nynorskslurv i eksamensuppgåver på prent i Adresseavisa, Under Dusken og Universitetsavisa (på Veven). Under Dusken laga ei lita sak der Siv fortalde om stygge brot på mållova. Lesarbrevet i Universitetsavisa fekk fire svarinnlegg. I det fyrste Dusken-nummeret etter sumaren hadde fysikkprofessor Alex Hansen skrive eit hissig svar og det vart nokre lesarbrevrundar denne hausten. Som nemnt ovan toppa dette seg i ein verbal konfrontasjon på studentsamlinga. Dusken laga ei sak om nynorsk i eksamensoppgåver (med bilete av Ola, Aline og Kristin) i då det nærma seg eksamenstid att.

Arbeidet for (ny)norsk i akademia. Me har då og då vorte kontakta og nemnde i samband med saker i Under Dusken om norsk i akademia, om (ny)norsk versus engelsk og den leksa der.

Skriving

Motmæle. SmiN-arane skriv gjerne stykke til NMU-bladet Motmæle. Teikneseriefigurane til André, Gustav og Gustav, er no faste innslag. Kristin har òg noko på prent mest kvar gong.

Mål og makt. Ola Haugen Havrevoll er korrekturlesar for Mål og makt, eller som det heiter: ”Tak till Ola Haug1 Havrevold for korekkturlesiing!”. Gammel-Smin’ern Jens Morten Nilsen sit i skriftstyret. Kristin hadde eit stykke om språkpolitikk i akademia på prent i nummer 3/4 2008.

Elles kan det nemnast at André Midtskogseter Reite og Silje Warberg sit i skriftstyret åt bladet Riss (for studentar ved Institutt for nordistikk og litteratur, bladet er i sal mellom anna på Tapir), og dei syter for at bladbunaden no er på nynorsk. Godt arbeid!

Politisk arbeid

Språkpolitikk NTNU. Me var snare med å leggja inn eit godt ord for nynorsken gjennom Brit Mæhlum då NTNU skulle laga eit framlegg til språkpolitikk. Status er enno ikkje kjend.

Samarbeid med andre

SmiN samarbeider framleis godt med Nidaros Mållag, og har endåtil fleirtal i styret. Føre sumaren sat Siv, Jens Morten og Kristin frå SmiN i styret i lag med Jørgen Bosoni frå Nidaros Mållag.

Måltrælan i Orkdal har fått ny kveik og dette tykkjer me i SmiN er gjævt. Det er godt at trønderungdomen framleis strid for nynorsken, og dessutan vonar me at Orkdalslaget rekrutterer ein SmiN-ar eller to med tida.

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Medlemsforsamling
lagslyd -en

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Juling

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.