Årsmelding 2007
Studentmållaget i Nidaros (frå no: SmiN) hadde 98 medlemer ved inngangen til 2008. Det er ein oppgang på 26 frå året før. Vi har hatt bra nyrekruttering i år og medlemstalet har gått opp att etter fleire år med nedgang. SmiN kan sjå attende på eit aktivt år takka vere ihuga og ivrige medlemer.
Landsmøte i Norsk Målungdom
I mars 2007 var SmiN tilskiparlag for landsmøtet i Norsk Målungdom (NMU). Fleire lagsfolk la ned eit stort arbeid i tilskipinga. Sentralstyret i NMU var nøgde med gjennomføringa og SmiN-folk som var med på å førebuinga eller gjennomføringa av landsmøtet fekk ein spandert ein pizzakveld av sentralstyret som takk for innsatsen.
Aksjonar
SmiN har i perioden hatt fem aksjonar:
Underskriftskampanje på Solsiden
Den 8. mars hadde vi underskriftskampanjen «Kvifor ikkje Solsida?» på Solsiden. Kampanjen vart dekt av ein frilans-journalist og fotograf, men saka kom diverre ikkje på trykk.
Verveaksjon ved immatrikulering 2007 på NTNU
Som vanleg hadde vi semesterstartaksjon ved immatrikulering på NTNU i august. Saman med alle dei andre studentorganisasjonane konkurrerte vi om merksemda til dei nye studentane. Vi delte ut flygeblad, men fekk ikkje verva nye medlemer denne gongen.
Vervekampanje
For å få opp medlemstalet hadde vi ein større vervekampanje frå august til november. Totalt fekk vi seks nye medlemer og desse viser seg å vere ivrige og gode lagsfolk.
Verveaksjon på Dragvoll
Tysdag 25. september fekk vi besøk av Studentlagsskrivar Ulrikke Sægrov og vi aksjonerte på Dragvoll ved å dele ut flygeblad, verve og selje t-skjorter og tilfang. Vi har elles enno fast tavleplass på NTNU, Dragvoll, og vi har tru på at dette på sikt kan hjelpe pårekruttering og informasjonsflyt.
Supervervedag
28 september, 91 år etter stiftinga av SmiN vart det arrangert ein supervervedag. Der kunne ein vinna fine premiar om ein verva medlemer denne dagen.
Forfattarmøter
Nidaros Mållag har i perioden skipa til to forfattarkveldar og eit barnebokmøte og SmiN har ved alle høva stått for blestingsarbeidet.
Frode Grytten
Den 3. mai kom Frode Grytten til Café Ni Muser i regi av Nidaros Mållag. Mange lagsfolk frå SmiN fann vegen til eit fullsett lokale.
Kjartan Fløgstad
Tysdag 23. oktober kom Kjartan Fløgstad til Ni Muser. Igjen var frammøtet strålande og både tilskiparane og forfattaren var særs nøgde med kvelden.
Torvald Sund
3. november kom Torvald Sund til Rådhussalen i Trondheim folkebibliotek og las frå bøkene sine for ungar i alderen 8-12. Òg her var det godt frammøte.
Lagsmøte
SmiN har hatt åtte styremøte i perioden og i tillegg skipa til desse åtte møta:
Førebuingsmøte til landsmøtet i NMU
Tysdag 13.mars hadde vi medlemsmøte der røynde lagsfolk innleidde til diskusjon om landsmøtesaker til landsmøtet i NMU. Det var berre styrefolk som møtte fram, men utsendingane til landsmøtet blei likevel godt budde, og det var det viktigaste.
Møte på Kafé Gjest Bårdsen
Den 8. mars var me på Kafé Gjest Bårdsen der det var innleiing og ordskifte på tema «Kva er ein nordmann? Om kvinner, nordmenn og nynorskingar»
Eksamensfrukost i mai
Den 22. mai hadde vi eksamensfrukost på Dragvoll med seks frammøtte. På eksamensfrukost er gratis frukost for medlemar i eksamensperioden. Vi gjer dette for å styrkje samkjensla i laget og gje medlemane ein god start på ein lang dag med eksamenslesing.
Sumaravslutning/grillfest
Vi inviterte lagsfolk og kjende til sumaravslutning 2. juni i hagen til Siv og Kjell Sindre i styret. Der grilla vi og kosa oss og hadde quiz med premiar. Det var godt vér, god stemning, og 12 frammøtte.
Kulturkveld under UKA 07
SmiN spanderte ein kulturkveld på 11 lagsfolk 22. oktober. Vi drog på UKA 07, nærmare bestemt Bikubesong-aften og Knausteateret. På Bikubesong-aften las Frode Grytten frå boka Bikubesong og fortalde om arbeidet med å setje henne opp som teater. Knausteateret handla om val og vi i publikum bestemte kva val rollefigurane skulle gjere. Styret var særs nøgd med frammøtet og dei som var med syntest kvelden var ein suksess.
Nynorskkurs
20. og 22. november heldt Hanne Siri Sund frå Nidaros Mållag nynorskkurs for eit variert og stort publikum på Dragvoll. Totalt 29 møtte fram og det er godt nøgde med.
Eksamensfrukost i desember
Seks lagsfolk stilte opp på morgonen 5. desember for å få ein godt start på ein lang dag med eksamenslesing.
Joleavslutning
Joleavslutninga hadde vi i år heime hos Silje Warberg 11. desember. Seks lagsfolk kom og fekk graut og gløgg og joleknask.
Deltaking på tilskipingar, i styre og nemnder i NMU
SmiN var representerte på landsmøtet i NMU i Trondheim i mars, ideologiseminar i oktober og vinterleir i januar. SmiN har vore representerte i landsstyret i NMU med Simon Hansen og Siv Ådnegard Skulstad i heile perioden. Jens Morten Nilsen sit i arbeidsprogramnemnda til NMU fram mot landsmøtet i mars 2008. Kristin Fridtun har skrive i NMU sitt medlemsblad Motmæle. Marie Kuvås og Siv Ådnegard Skulstad var utsendingar til Noregs Mållag sitt landsmøte på Værnes.
Tilfang
Styret tok initiativ til, og designa, t-skjorter til SmiN som vi hadde klare til landsmøtet. Ivar Aasen prydar framsida, og på baksida står teksten «Student i målstrid». Skjortene vart veldig fine, og finst i både jente- og gutemodell, i fleire fargar og storleikar.
Sigbjørn Hjelmbrekke i Studentmållaget i Oslo har laga ei økonomiordliste i same stilen som våre eigne Medieordlista og Realfagsordlista. Vi har seld desse saman med vårt eige tilfang. Vi har seld omtrent halvparten av dei 100 t-skjortene vi trykte opp. Nøkkeltal for sal av tilfang er:
- Realfagsordlister: 3
- Medieordlister: 15
- T-skjorter: 48
- Sal av anna tilfang
- Økonomiordlister: 14
- Nynorsknøklar: 1
Mediearbeid
Òg i år har vi markert oss i lokalmedia ved. Adresseavisa dekte forfattarkvelden med Frode Grytten 3.mai. Halldis var på Studentradioen 21. mars i sidemålsdebatt med Unge Høgre, og gjorde ein veldig god jobb.
Samarbeid med andre
Vi har i perioden hatt eit godt samarbeid med Nidaros Mållag som vi har skipa til forfattarkveldar i lag med. Jens Morten Nilsen har vore styremedlem i NM i heile perioden og Siv Ådnegard Skulstad har vore vara.
Styret i SmiN har i perioden vore:
- Siv Ådnegard Skulstad, leiar.
- Hans Magne Bårtvedt, skrivar.
- Simon Hansen, økonomiandsvarleg.
- Jens Morten Nilsen, styremedlem.
- Halldis Folkedal, styremedlem.
- Kjell Sindre Schmidt, 1.vara
- Marie Grue Kuvås, 2. vara
- Iver Bakken Sperstad, 3. vara
- Aline Lee, 4. vara
- Ida Netta Kristiansen, 5. vara
Ulrikke Sægrov har vore studentlagsskrivar for alle studentmållaga frå august 2007. Jens Morten Nilsen har fungert som leiar frå august til januar då Siv Ådnegard Skulstad var i Brasil. Kristin Fridtun har vore observatør i styret frå november. Vegard Thingvoll har vore ettersynsmann.






