Studentmållaget i Nidaros

Årsmelding 2006

Studentmållaget i Nidaros (frå no: SmiN) hadde 72 betalande medlemer ved inngangen til 2007. Det er ein nedgang på sju frå året før. Vi har hatt bra nyrekruttering, om lag ti er nye medlemer i år, så nedgangen skuldast truleg fråflytting og dårleg arbeid med å få gamle medlemmer til å svare medlemspengar. SmiN kan likevel sjå attende på eit aktivt år takka vere ihuga og ivrige medlemer.

Aksjonar

SmiN har i perioden hatt fire aksjonar

Verveaksjon ved immatrikulering 2006 på NTNU

Som vanleg hadde vi semesterstartaksjon ved immatrikulering på NTNU i august. Saman med alle dei andre studentorganisasjonane konkurrerte vi om merksemda til dei nye studentane. Vi delte ut flygeblad og verva tre-fire nye medlemer.

Blesteaksjon før jubileumsmøtet

Vi delte ut flygeblad før jubileumsmøtet og fokuserte på at «Ringdrotten» Eilev Groven Myhren skulle komme til Nidaros. Mange blei oppmerksame på at boka no endeleg finst på nynorsk og det var lett å få folk samde i at ei slik bok høver godt på nynorsk. Sjå elles under punktet «lagsmøte».

Stogg språkvandalismen! – Klistremerkeaksjon

Denne aksjonsen var eit av bidraga våre til nasjonal aksjonsdag i NMU. Vi laga klistremerke med slagordet «Stogg språkvandalismen» og desse klistra vi på passande stader som «Taxi Exit»-skilt, Cola Zero-reklamar og andre plassar som synte dårleg språkbruk. Vi fekk nokre reaksjonar frå dei som blei råka av klistremerka og desse tydde på at vi klarte å provosere nokon.

Kvifor ikkje solsida? – Opprop

Dette var det andre bidraget til nasjonal aksjonsdag i NMU. Oppropet seier at vi vil ha kjøpesentret «Solsiden» til å byte namn til «Solsida». Før årsmøtet hadde om lag 80 personar skrive under på vevsidene våre, og vi held fram kampanjen utover våren 2007.

Vi har elles fått fast tavleplass på NTNU, både på Gløshaugen og Dragvoll, og vi har tru på at dette kan hjelpe på rekruteringa på sikt.

Forfattarmøte

Nidaros mållag har i perioden skipa til to forfattarkveldar og eit barnebokmøte og SmiN har alle høva stått for blestingsarbeidet.

Olaug Nilssen

26. april kom Olaug Nilssen til Ni Muser i regi av Nidaros Mållag. Mange lagsfolk frå SmiN fann vegen og frammøtet var godt.

Ragnar Hovland

9. november var det Ragnar Hovland som kom til Ni Muser. Hovland var som vanleg veldig dyktig og stemninga var god. Og hit fann mange SmiN-medlemer vegen, og desse fekk høyre Hovland lese frå den nyaste boka si, «1964», som var så fersk at ho ikkje hadde komme i bokhandlarane enno

Lars Mæhle

11. november kom Lars Mæhle til rådhussalen i Trondheim folkebibliotek og las frå bøkene sine for ungar i alderen 7–11.

Lagsmøte

SmiN har hatt seks styremøte i perioden og i tillegg skipa til desse fem møta:

Sommaravslutning /grillfest

Vi inviterte lagsfolk og kjente til sommaravslutning 30. mai i hagen til Siv Skulstad. Der grilla vi og kosa oss og hadde quiz med premie. Trass i vekslande ver var stemninga god mellom dei sju frammøtte.

90-års-jubileum

Den 29. oktober og dagen før 90 års dagen for skipinga av SmiN slo vi på stortromma. Til klubben på Studentersamfudet kom målfolk og vener og til saman var godt over 30 personar innom. Eilev Groven Myhren las frå Ringdrotten og Taliban spelte trønderpunk.

Studiemøte om EU og språk

8. november skipa vi til studiemøtet om EU og språk. Møtet var ope for alle interesserte. Trine Østereng frå sentralstyret og internasjonalt utval i Norsk målungdom og Lars Thomas Sønningsdal, leiar i Sør-Trøndelag Europeisk Ungdom innleidde. Dei 13 frammøtte fekk høyre ein frisk debatt og åt dugeleg med pizza.

Nynorskkurs

21. og 22. november kom Ingar Arnøy frå Noreg Mållag og heldt nynorskkurs for eit variert publikum på Dragvoll.

Eksamensfrukost

Fem lagsfolk stilte opp på morgonen 24. november for å få ein godt start på ein lang dag med eksamenslesing. Dei som kom fekk med seg besøk av tidlegare leiar Arild Torvund Olsen.

Joleavslutning

Vi var heime hos Jens Morten i styret 8 desember. Sju lagsfolk kom og fekk graut og gløgg og Siv fann mandelen i grauten.

SmiN var dessutan representerte på landsmøtet i NMU på Lista i mars, sommarleiren til NMU i juli og studentsamling i Oslo siste helga i oktober.

Terminologiarbeid

Vi har halde fram med salet av Realfagsordlister og Medieordlister. Av Realfagsordlista har vi selt om lag 70 og om lag 15 av Medieordlista. Dessutan har vi gjeve bort eindel i gåve.

Mediearbeid

Jens Morten var i Under Dusken og i programmet Språkteigen på P2 i mai og blei intervjua om Realfagsordlista. Interessa for denne auka etter merksemda i media.

Samarbeid med andre

Vi har i perioden hatt eit godt samarbeid med Nidaros Mållag (NM) som vi har skipa til forfattarkveldar i lag med. Jens Morten har vore styremedlem i NM i heile perioden. SmiN har vore representerte i landsstyret i NMU med Jens Morten, Simon og Erling i heile perioden.

Styret i SmiN har i perioden vore

  1. Jens Morten Nilsen, leiar.
  2. Sergej Alexander Munkvold, skrivar.
  3. Simon Hansen, økonomiandsvarleg.
  4. Marie Grue Kuvås, styremedlem.
  5. Ida Netta Kristiansen , styremedlem.
  6. Hans Magne Bårtvedt, styremedlem
  7. Siv Skulstad , styremedlem
  8. Erling Lorentsen Sogge, styremedlem
  9. Iver Bakken Sperstad , 1. vara
  10. Per Espen Svelstad, 2. vara
  11. Ingrid Orstad Teigen, 3. vara

Elisabeth Skatvedt har vore studentlagsskrivar for alle studentmållaga frå september 2006. Siv Skulstad har fungert som skrivar frå august og ut perioden då Sergej Alexander Munkvold flytta til Oslo sommaren 2006. Halldis Folkedal har vore observatør i styret frå august 2006. Vegard Thingvoll har vore ettersynsmann.

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Medlemsforsamling
lagslyd -en

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Mat

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.