Studentmållaget i Nidaros

Årsmelding 2005

SmiN hadde 80 medlemmer som svara medlemspengar i 2005, ein nedgang på 8 frå året før. Om lag 10 er nye medlemmer.

Aksjonar

SmiN har i perioden hatt seks aksjonar

  • Aksjon på Gløshaugen og Dragvoll 3. Mai mellom anna med utdelinga av flygeblad for Syn og Segn og underskriftskampanjen «Slepp nynorsken til».
  • Verveaksjon ved immatrikulering 2005 på Gløshaugen.
  • Verveaksjon på Torget august («StudentbyEN»).
  • Verveaksjon på Gløshaugen og Dragvoll 9. februar 2006.

Forfattarmøte

Nidaros mållag har i perioden skipa til to forfattarkveldar og SmiN har ved båe høva stått for blestingsarbeidet.

Are Kalvø

SmiN stod for blestingsarbeidet då Nidaros mållag skipa til forfattarkveld med Are Kalvø 4. april. Møtet var ein stor suksess, lokalet til De Ni Muser var stappfullt og Are Kalvø skapte god stemning som vanleg. Ungdom og studentar kom inn gratis mot at dei melde seg inn i SmiN, og vi fekk 5 nye medlemmer på det tilbodet.

Brit Bildøen

Den 3 oktober var det Brit Bildøen som kom til De Ni Muser.

Lagsmøte

SmiN har hatt 6 styremøte og i tillegg skipa til desse møta

1.Mai-frukost

Den 1. mai åt vi frukost heime hos Jens Morten og gjekk i tog med handplakat «Opphev forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG». 4 lagsfolk var med.

Sumaravslutning

29. mai hadde vi sommaravslutning/grillfest i og ved båten til Erlend Hovland i styret. Om lag 10 møtte fram.

Teaterkveld

Den 29. september drog laget på teater. Vi var på Trønderlag teater og såg «Norge, Midt-Norge». 12 melde seg på.

Medlemsmøte

Den 10. nov skipa vi til medlemsmøte med innleiing om Unionsoppløysinga. Eva Marie Mathisen frå SmiO innleidde. Kring 10 deltakarar møtte fram og vi åt pizza.

Joleavslutning

12. desember hadde SmiN joleavslutning heime hos Inger Johansen i styret.. Vi var 6 stk som hadde ein koseleg kveld med graut, joleknask og quiz med premie.

Terminologiarbeid

Realfagsordlista blei gjeve ut rett før jul 2005, og blestingsarbeidet kom i gang på nyåret 2006. Det er prenta 750 eksemplar av og ordlista og pr 14. februar er det selt om lag 70.

Mediearbeid

Jens Morten blei intervjua på «P3 nå» om at vi vil ha tilbake «Terminator-trønderen» på kino.

Vi hadde lesarbrev om eksamen på nynorsk på trykk i Under Dusken i November, lysing for Realfagsrodlista i Under Dusken og Nabladet i februar.

Samarbeid med andre

Vi har i perioden hatt eit godt samarbeid med Nidaros mållag som vi har skipa til forfattarkveldar i lag med.

Styret har i perioden vore:

  1. Jens Morten Nilsen, leiar.
  2. Sergej Alexander Munkvold, skrivar.
  3. Ingrid Orstad Teigen, økonomiansvarleg.
  4. Marie Grue Kuvås, styremedlem.
  5. Ida Netta Kristiansen , styremedlem.
  6. Erlend Hovland, 1. vara
  7. Mari Raunsgard , 2. vara
  8. Hans Magne Bårdtvedt, 3. vara
  9. Iver Bakken Sperstad , 4. vara
  10. Siri-Malén Høynes, 5. vara
  11. Kristian Thunestvedt Evjen, 6. vara
  12. Per Espen Selstad, 7. vara
  13. Inger Johansen , 8. vara
  14. Arild Torvund Olsen, 9. vara

Einar Måseide har vore ettersynsmann.
Inger Johansen har fungert som økonomiansvarleg, av di Ingrid Orstad Teigen har vore utanlands.

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Resepsjonsforsking
mottakingsforsking -a/i

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Eg fann, eg fann!

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.