Studentmållaget i Nidaros

Årsmelding 2004

Studentmållaget i Nidaros kan sjå attende på eit godt og aktivt år. Me hadde 88 medlemer som svara medlemspengar i 2004, noko som er ein nedgang på 18 frå året før. Me hadde god nyrekruttering, og heile 14 av medlemene var nyverva for 2004, so medlemsnedgangen kjem truleg av for dårleg arbeid med å få gamle medlemer til å svara medlemspengar.

Aksjonar

I perioden har me havt sju aksjonar. Av desse er ein aksjon ein sams sidemålsaksjon i lag med Nidaros Mållag, tri var kombinerte verve- og blestaksjonar (for nynorkkurset og møtet med Ragnar Hovland) og tri var reine verveaksjonar. Sidemålsaksjonen var i sentrum, medan dei seks andre var jamt fordelte millom Dragvoll og Gløshaugen. Den aksjonen me verva mest på var semesterstartaksjonen i samband med immatrikuleringsfesten på Gløshaugen hausten 2004.

Møte, kurs og tilskipingar

Studentmållaget hev havt 8 styremøte, skipa til eitt ope studiemøte og vore med på å skipa til tvo opne forfattarkveldar. Studiemøtet var på Peppes pizza, og var um sør-samisk. Inger Johansen frå styret innleidde, og frammøtet var godt. Den fyrste forfattarkvelden var med Kjartan Fløgstad, og var på Norli bokhandel. Den andre var med Ragnar Hovland og var på Posepilten. Båe forfattarkveldane var i samarbeid med Nidaros Mållag og var godt vitja. I tillegg til desse møti hev Studentmållaget skipa til suaravslutning (med grilling) og joleavslutning (med graut og joleknask). I januar 2005 skipa me dessutan til eit tvodagars nynorskkur på Dragvoll, med kring 16 deltakarar.

Studentmållaget sende representantar på landmøtet i NMU, landmøtet i Noregs Mållag og årsmøtet i Trønderlaget. Me hev òg vore representerte på studentsamlingi i NMU og andre NMU-tilskipingar.

Nynorske faguttrykk

Me halde fram arbeidet med å selja Medieordlista vår, og etter ein blestframstøyt på ei mediefvitskapfyrelesing januar 2005 passerte me eit samla sal på 800 ordlistor. Kring hundre av desse er selde denne perioden. I tilleg til arbeidet med å blesta Medieordlista, so hev me no byrja arbeidet med å samla inn nynorske faguttrykk knytte til eit tilsvarande ordlistehefte me hev tenkt å laga for realfag.

Mediearbeid

I perioden hev SmiN havt eit lesarbrev på prent i Under Dusken og Universitetsavisa (um studnad til produksjon av nynorsk faglitteratur), og me er vortne interjua i Under Dusken og på NRK P3 um retten til å få eksamen på nynorsk.

Styret i perioden hev vore

  1. Arild Torvund Olsen, leidar.
  2. Mari Raunsgard, nestleidar
  3. Inger Johansen, økonomiandsvarleg.
  4. Ingvild Aursøy Måseide, skrivar
  5. Sergej Alexander Munkvold, styremedlem.
  6. Kristian Thunestvedt Evjen, 1. vara
  7. Erlend Hovland, 2. vara
  8. Jens Morten Nilsen, 3. vara
  9. Marie Grue Kuvås, 4. vara
  10. Inrgrid Orstad Teigen, 5. vara
  11. Erlend Os, 6. vara

For styret i SmiN,
Arild Torvund Olsen
leidar

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Medlemsforsamling
lagslyd -en

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Meir tevling

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.