Studentmållaget i Nidaros

Årsmelding 2003

Studentmållaget i Nidaros kan sjå attende på eit godt og aktivt år. Laget hadde 106 medlemer som svara medlemspengar i 2003. Dette er same medlemstalet som i 2002.

Møte, samlingar, aksjonar og kurs

SmiN hev i perioden havt fleire aksjonar på Dragvoll, og til semesterstart hev me havt aksjonar både på Dragvoll og på Gløshaugen. På Dragvoll hev me dessutan havt bokdisk og seld Medieordlista. 1. mai markerte me oss som vanleg i toget, og i år nytta me parolen «EU trugar språkmangfaldet». Seinare i mai var me med på aksjonsdagen åt Noregs Mållag, og spreidde plakatane me fekk tilsend der folk vart uppmoda um å slå ring um biblioteket.

Journalistkurs

Våren 2003 skipa studentmållaget til eit journalistkurs i samarbeid med Norsk Tidend og Motmæle. Noralv Pedersen, Ingrid Storholmen, Marte Mona, Kari Sørbø, Astrid Dypvik og Hege Lothe hadde innleidingar, og kurset var sers vellukka, med godt frammøte (kring 35 deltakarar) og gode innleidingar.

Fyrebuingsmøte

Onsdagen fyre landsmøtet i Norsk Målungdom skipa studentmållaget til eit fyrebuingsmøte for dei i laget som skulde på landsmøtet.

Nynorskkurs

Laget skipa våren 2003 til eit kurs retta inn mot studentar på lærarskulen. Geir Lorentsen var kurshaldar. Fyrste kursdagen var eit kurs i korleis ein skriv nynorsk, medan andre kursdagen var eit kurs i nynorskpedagogikk for komande norsklærarar. Det synte seg at det var lurt å nytta tvo dagar til kurset. Fyrste dagen kom det kring 40 deltakarar, medan det kom kring 15 den andre dagen.

Samarbeid med Nidaros Mållag

Studentmållaget hev havt eit godt samarbeid med Nidaros Mållag i perioden. Høgdepunktet i samarbeidet var ein forfattarkveld med Frode Grytten hausten 2003. Grytten las frå bøkene sine og svara på spursmål frå salen, og det var fullt hus på Posepilten med kring 55 frammøtte. Me hev òg samarbeidd med Nidaros Mållag um ein aksjon på Nordre, der me blesta Norsk Barneblad, barnebokklubben Blåmann og andre nynorske barne- og ungdomstiltak.

Formgjevingskurs

Hausten 2003 hadde studentmållaget eit formgjevingskurs for styret, der styremedlemer fekk upplæring i grafisk formgjeving.

Studiemøte

Hausten 2003 skipa laget til eit studiemøte um målstoda i Kviterussland. Herman Ranes var innleidar, og møtet vart halde på kafeen Lucas. Studentmållaget spanderte pizza på dei som kom på møtet, og uppmøtet var godt. Kafeen Lucas fungerte bra som møtelokale.

I perioden hev SmiN havt både ei sumar- og ei joleavslutning.

Andre måltilskipingar

På NMU-landsmøtet i Orkdal fór desse for SmiN: Arild Torvund Olsen, Inger Johansen, Ingvild Aursøy Måseide, Mari Raunsgard,
Sergej Alexander Munkvold, Ingrid Orstad Teigen og Kristian Thunestvedt Evjen.

På mållagslandsmøtet i Grimstad fór desse for SmiN: Arild Torvund Olsen og Ingvild Aursøy Måseide.

På studentsamlingi i Oslo/Akershus fór desse for SmiN: Arild Torvund Olsen, Ingvild Aursøy Måseide, Inger Johansen, Ingrid Teigen og Marie Kuvås.

Folk frå SmiN var òg på andre NMU-tilskipingar.

Styret

leidar
Arild Torvund Olsen
nestleidar og økonomiandsvarleg
Inger Johansen
skrivar
Ingvild Aursøy Måseide
styremedlemer
Sergej Alexander Munkvold
Kristian Thunestvedt Evjen
Ingrid Orstad Teigen
Mari Raunsgard
vara
Erlend Hovland
Olaf Solstrand
Bjarne Melvær Berge

Revisor i perioden hev vore Ragnhild Bjørge.

Terminologi

Studentmållaget laga i 2002 eit hefte med nynorske faguttrykk for film- og medievitskap. Salet av ordlista hev vore eit prioritert arbeidsfelt i 2003, og salet hev no passert 600 eksemplar. Storparten er seld til studentar og tilsette på NTNU, men det er òg mållag, vidaregåande skular og bokhandlar som hev kjøpt henne. Medieordlista er, i tillegg til papirutgåva, lagt ut på vevsida i HTML- og PDF-format. Laget hev òg laga ei organisasjonsordlista med nynorske ord- og uttrykk for organisasjonslivet. Denne ordlista finst berre i elektronisk utgåva.

Ymist

Studentmållaget i Nidaros tok på seg å laga eit sams studentmållagsflogskrift for alle studentmållagi, som me fekk finansiert ved hjelp av Frifond-midlar. Flogskriftet vart ferdig våren 2003, og er spreidd til dei andre studentmållagi.

I samband med valkampen sende studentmållaget ut sidemålsheftet «Wasted time?» til alle dei ungdomspartii som er for sidemålsordningi, slik at dei skulde hava gode argument å nytta i valkampen.

Årsmøtet i 2003 vedtok at dei som svara medlemspengar i Studentmållaget skulde få ei gåva frå laget. Etter kvart kom styret fram til at gåva skulde vera songboki «Eg vil so gjerne syngja», og på slutten av året sende styret ut songboki til alle som då hadde svara medlemspengar.

Presse

Pressearbeidet hev ikkje vore godt nok i fyrste helvti av perioden, men i andre helvti hev me havt lesarbrev i Under Dusken, vorte intervjua både i Under Dusken og på P4 og havt uppslag hjå NRK Sør-Trøndelag.

for styret i SmiN,
Arild Torvund Olsen, leidar

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Anslag
1. opptakt -a/i, oppspark -et, byrjing -a/i, innleiing -a/i «I opptakta til filmen vert me tekne inn i ei høveleg stemning.»
2. fingerslag -et,nedtrykk -et (av ein tangent)
3. åtak -et, tilslag -et

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Mandelen i grauten

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.