Studentmållaget i Nidaros

Årsmelding 2002

Studentmållaget i Nidaros kan sjå attende på eit godt og aktivt år. Laget hev skipa til studentsamling, medlemstalet hev auka, og me hev gjeve ut ei medieordlista som hev seld godt og fenge mykje godord. Eit problem for laget i perioden hev vore at det hev vanta høvelege møtelokale, og det vert truleg ei viktug utfordring for 2003 å finna gode og sentrale lokale der me kan møtast. Samarbeidet med Nidaros Målungdom hev vore godt i perioden.

Møte, samlingar, aksjonar og kurs

SmiN hev havt desse medlemsmøti i perioden:

  • Møte um målsak og globalisering. Trond Sæbø Skarpeteig var innleidar.
  • Medlemsmøte um internasjonalt program for NMU og lovene åt SmiN.
  • Medlemsmøte um sakene til mållagslandsmøtet.
  • Medlemsmøte for å planleggja studentsamlingi.
  • Kafémøte um studentmållagsflogskriftet.

SmiN var i 2002 tilkiparar for ei landsdekkjande studentsamling. Samlingi vart halden helgi 20.-22. september på Juvente-hytta i bymarki, og det var um lag 40 studentar innom samlini. På programmet stod innleidingar og ordskifte um dialektar i norske filmar, Aust-Timor, norsk som akademisk språk og integrering av innvandrarar og flyktningar, og på fredagskvelden var det kulturkveld med forfattaren Carl Frode Tiller. Kulturkvelden, som trakk um lag 70 kulturinteresserte, var på utestaden Posepilten, og vart skipa til i samarbeid med Nidaros Mållag. Programmet for samlingi og kulturkvelden fek gode attendemeldingar, og det ser ut til at tidspunktet høvde godt for folk. Det lyt òg nemnast at Juvente-hytta høvde godt til ei slik tilskiping.

SmiN hev i peridoen havt semesterstartaksjonar både på Dragvoll og på Gløshaugen. På Dragvoll hev me dessutan havt bokdisk og seld Medieordlista.

Tradisjonen tru hadde SmiN ei 1. mai-markering. Parolen i år var «Forsvar norsk som akademisk språk». Det kom både nye og gamle målungdomar og medlemer frå BUL i Nidaros og Nidaros Mållag.

Laget skipa våren 2002 til eit nynorskkurs retta inn mot studentar på Dragvoll og lærarskulen. Torlaug Løkensgard Hoel var kurshaldar, og det kom 38 kursdeltakarar.

I Perioden hev SmiN havt både ei sumar- og ei joleavslutning. Serleg joleavslitningi var vellukka, med godt uppmøte og god stemning.

Andre måltilskipingar

På landsmøtet til Norsk Målungdom fór desse for SmiN:

  • Arild Torvund Olsen
  • Inger Johansen
  • Ingvild Aursøy Måseide
  • Sergej Alexander Munkvold
  • Erlend Hovland

På landsmøtet til Noregs Mållag fór desse for SmiN:

  • Arild Torvund Olsen
  • Inger Johansen
  • Olaf Solstrand (observatør)

Folk frå SmiN var òg på andre NMU-tilskipingar.

Styret

leidar
Arild Torvund Olsen
nestleidar og økonomiandsvarleg
Inger Johansen
skrivar
Ingvild Aursøy Måseide
styremedlemer
Sergej Alexander Munkvold
Erlend Hovland
Ingrid Orstad Teigen
Olaf Solstrand
vara
Nina Dolen
Kristian Thunestvedt Evjen
Lars Martin Vik

Medieordlista

Laget hev i perioden laga eit hefte med nynorske fagumgrep for film- og medievitskap. Ved å samla bokmålsord og framandord som vert nytta på faget og laga/finna nynorske avsløysarord, hev laget laga ei ordliste som hev fengje gode attendemeldingar. So langt hev me seld kring 260 eksemplar. Storparten er seld til studentar og tilsette på NTNU, med det er òg vidaregåande skular og bokhandlar på andre høgskular som hev kjøpt henne. Medieordlista er, i tillegg til papirutgåva, lagt ut på vevsida i HTML- og PDF-format.

Presse

SmiN hev drive godt pressearbeid i perioden, og me ev serleg fengje blest kring utgjevingi av Medieordlista. I tillegg til ymse uppslag, hev laget òg skrive lesarbrev, serleg um framtidi til norsk som akademisk språk. SmiN skreiv eit ope brev der me utfordra NTNU på korleis dei kan vera med og tryggja norsk som undervisningsmål, og prorektoren på NTNU nytta ein av dei fåe leidarteigane i Universitetsavisa til å svara på utfordringi. Heimesida vår hev òg vorte friska upp med ny formgjeving.

for styret i SmiN,
Arild Torvund Olsen, leidar

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Anslag
1. opptakt -a/i, oppspark -et, byrjing -a/i, innleiing -a/i «I opptakta til filmen vert me tekne inn i ei høveleg stemning.»
2. fingerslag -et,nedtrykk -et (av ein tangent)
3. åtak -et, tilslag -et

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Dude, where

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.