Studentmållaget i Nidaros

Årsmøte 2008

Dato
06. februar 2008
Stad
BUL-Kontoret i Dronningens gate 23.
Tilstades
14 røysteføre, 1 observatør, i alt 15 stykk.

Sakslista

  1. Val av ordstyrar og møteskrivar, godkjenning av innkalling og sakslista.
  2. Årsmelding 2007
  3. Rekneskap 2007
  4. Arbeidsprogram for 2008
  5. Budsjett 2008
  6. Val av nytt styre og utsendingar
  7. Innleiing om Kinokampanjen til NMU

Val av ordstyrar og møteskrivar, godkjenning av innkallinga og sakslista

Sakslista og innkallinga vart godkjend. Siv Ådnegard Skulstad vart vald til ordstyrar, Hans Magne Bårtvedt til møteskrivar.

Årmelding 2007

Årsmeldinga er utarbeidd av Jens Morten Nilsen og Siv Ådnegard Skulstad. Jens Morten legg ho fram. Årsmeldinga vart samrøystes godkjend med følgjande endringar.

Overskrifta «Terminologiarbeid» vert byta ut med med overskrifta «Tilfang». Under overskrifta «Landsmøte i Norsk Målungdom» blir avsnitt frå «Styret tek initiativ til» til «i fleire fargar og storleikar» flytta under overskrifta «Tilfang». Under Mediearbeid skal det presiserast at Halldis var med på Studentradioen istadenfor berre radioen. Me har og hatt ein aksjon som ikkje er med. Me aukar talet på aksjonar frå fire til fem og føyer til supervervedag under aksjonar. Me har og eit lagsmøte på Kafé Gjest Bårdsen som ikkje har kome med i årsmeldinga. Dette blir lagt under lagsmøte og me aukar talet på lagsmøte frå sju til åtte.

Årsmeldinga slik ho vart vedtatt:
[Vedlegg: årmelding]

Rekneskap 2007

Simon Hansen la fram rekneskapen, og ettersynsmann Vegard Thingvoll tilrådde godkjenning. Rekneskapen vart samrøystes godkjend.

[Vedlegg: ettersynsmelding, rekneskap 2007]

Arbeidsprogram 2007

Kjell Sindre Schmidt og Kristin Fridtun la fram Arbeidsprogrammet.
Arbeidsprogrammet fekk mange innspel og mange forslag vart fremja. Bruken av studentmållagsskrivaren vart eit mykje omtala punkt og skapte stor diskusjon.

Arbeidsprogrammet vart samrøystes godkjend med desse endringane

Endringar under SmiN skal i 2008

  • I første punkt føyer ein til Økonomiordlista i tillegg til dei andre ordlistene.
  • Punktet om å selja minst 20 SmiN-skjorter, endrast til Selja minst 15 SmiN-skjorter
  • I punktet framheva oss sjølve i Under Dusken, Adresseavisa, Student-TV, NRK med meir. Arbeida for meir nynorsk i studentmedia. føyer me til Skriva minst 4 lesarbrev.
  • Punkt kosta mål og makt til dei medlemene som vil ha, vart ikkje godkjend før ein hadde diskutert budsjett 2008. Føyer til eit punkt om å samarbeide med studentmållagskrivaren. Dette vart ikkje godkjent før ein hadde diskutert budsjett 2008

Endringar under Vårsemester

  • Føyer til eit punkt om å betre samarbeidet med studentmållagsskrivaren, definera rolla hennar og nytta ho betre.
  • I punktet fara på landsmøta åt Norsk Målungdom og Noregs Mållag og årsmøte i Trønderlaget byter me Trønderlaget med Nidaros Mållag
  • Me stryk dersom det vert skipa til i punktet vera med på studentsamling dersom det vert skipa til.
  • I punktet om å nytta tavleplassen på Dragvoll betre og meir aktivt, føyer me til Gløshaugen og flytter punktet opp under overskrifta »SmiN skal i 2008»

Arbeidsprogrammet slik det vart vedtatt:
[Vedlegg: arbeidsprogram]

Før neste punkt valde to medlemer å forlata årsmøte. Det vart då 13 røysteføre att.

Budsjett 2008

Simon Hansen la fram budsjettet.

  • Sal av tilfang/mat blir sett til 1 900, der ein tek omsyn til endringane av økonomiordliste og sal av t-skjorter i arbeidsprogrammet.
  • Frifondmidlar vart sett til 50 000. Det vert samstundes sett av 30 000 kroner til studentmållagsskivaren. Om me ikkje får frifondmidlar så har me ikkje råd til å støtte studentmållagsskrivaren. Dette vert vedtatt og røysta over i eit eige punkt. 8 var for,
    1 imot, og 3 fråhaldande.
  • For å betale Mål og makt til medlemene, vert kjøp av salsmateriell/gåve sett til 6 000.

Budsjettet i sin heilskap blei så vedteke samrøystes med dei endringane som her er nemnd.

[Vedlegg: budsjett 2008, framlegg til lokal medlemspengesats]

Val av nytt styre og utsendingar

Årets valnemd har i år vore, Jens Morten Nilsen, Simon Hansen, Hans Magne Bårtvedt og Ulrikke Sægrov. Jens Morten la fram innstillinga til nytt styre frå valnemda. Det kom benkeframlegg om Silje Warberg som 1. vara.

Det nye styret vart

Leiar
Kristin Fridtun
Nestleiar
Kjell Sindre Schmidt
Økonomiandsvarleg
Aline Lee
Skrivar
Siv Ådnegard Skulstad
Styremedlem
André Midtskogseter Reite
Tone Rossow
Marie Kuvås
Vara
Silje Warberg
Halldis Folkedal
Simon Hansen
Jens Morten Nilsen
Hans Magne Bårtvedt

Utsendingar til landsmøte i Norsk Målungdom:

Kristin Fridtun, Kjell Sindre Schmidt, Aline Lee, Siv Ådnegard Skulstad, André Midtskogseter Reite og Tone Rossow. Vara: resten av styret, medlemslista i alfabetisk rekkjefølgje.

Utsendingar til landmøte i Noregs Mållag:

Kristin Fridtun og Kjell Sindre Schmidt. Vara: resten av styret, medlemslista i alfabetisk rekkjefølgje.

Innleiing om Kinokampanjen til NMU.

Studentmållagsskrivar Ulrikke Sægrov held ei innleiing om Kinokampanjen til NMU. Dette var veldig lærerikt og interessant.

Møte vart heva.

Møteskrivar
Hans Magne Bårtvedt

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Medlemsforsamling
lagslyd -en

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Ventar på bussen 2

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.