Studentmållaget i Nidaros

Arbeidsprogram 2008

SmiN skal i 2008

  • halda fram med å selja Realfagsordlista, Medieordlista og Økonomiordlista. Me skal freista å få Tapir på Gløshaugen til å ta inn realfaglista og dessutan marknadsføra dei betre, med plakatar og dilikt. Elles har me som mål å få selt 20 eksemplar av kvar liste.
  • auka medlemstalet til over 100.
  • få fleire verksame medlemar. Då lyt me verta meir synlege, særleg når semestra tek til. Den fyrste og/eller andre veka bør me stå på stand, ha gjæve plakatar, dela ut dragande flogskrift og gjera sumt som skil oss frå massen.
  • skipa til opne møte, minst to i semesteret. Det fyrste bør vera fastsett allereie ved semesterstart, då har me noko å trekkja folk med. Dette møtet bør me halda i august eller tidleg i september. Minst eitt av dei opne møta skal vera fagleg retta.
  • styrkja samkjensla og deltakinga i laget. Me skal freista å få i stand ei matpakkesamling ein gong i veka/i månaden med gratis kaffi til medlemene. Vona er at fleire tek del i arbeid og tilskipingar når dei vert betre kjende.
  • velja ei vevnemnd som skal omvøla veven vår. Laget treng ein dugande nettstad som gjer det lett å lesa, leggja ut og finna fram til nyhende og innlegg av ymse slag. Vevnemnda åt SmiN skal attpå pressa på den nasjonale vevnemnda so dei får sett i stand eit forum.
  • fara på ymse tilskipingar i NMU og NM, og arbeida for å få fleire frå SmiN til å verta med.
  • framheva oss sjølve på HiST, Gløshaugen og Dragvoll.
  • framheva oss sjølve i Under Dusken, Adresseavisa, Student-TV, NRK med meir. Arbeida for meir nynorsk i studentmedia. Skriva minst 4 lesarbrev.
  • ha ei vervetevling med ovgode premiar. Alle i styret skal verva minst ein medlem kvar.
  • selja minst 15 SmiN-skjorter.
  • kosta Mål og Makt til dei medlemene som vil ha.
  • halda oppe samarbeidet med Nidaros Mållag.
  • Ha eit godt samarbeid med og nytta oss av studentmållagsskrivaren
  • nytta tavleplassen på Dragvoll og Gløshaugen betre og meir aktivt.

I vårsemesteret skal me

  • ha eit medlemsmøte føre landsmøta i NMU og NM for å drøfta landsmøtesaker.
  • fara på landsmøta åt Norsk Målungdom og Noregs Mållag og årsmøtet i Nidaros Mållag.
  • reinska opp i e-postlista og adresselista.
  • ta til med småe samkomer der medlemene skal verta kjende, få lufta tankar og synspunkt, og so bortetter.
  • hiva oss på kinokampanjen «Dude, where’s my språk?».
  • finna ein kontaktperson for SmiN på HiST.
  • søkja om å få tavleplass på HiST.
  • stø opp under alt skulemålsarbeid i Nidaros.
  • vera med på studentsamling.
  • ha eksamensfrukost.
  • ha sumaravslutning.
  • nytte oss av studentmållagsskrivaren og definera arbeidsoppgåver til ho.

I haustsemesteret skal me

  • ha ein kulturkveld.
  • arbeida for å styrkja norsk, særleg nynorsk, som akademisk språk. Me skal rosa tilsette ved NTNU og HiST som skriv lærebøker på nynorsk, og skrivaren av den beste boka i 2008 får ein gjæv pris.
  • få ein målfarar til å kursa oss so me sjølve vert dugelege målfararar.
  • ha vervekampanje, helst tidleg i semesteret.
  • skipa til nynorsk-kurs.
  • ha eksamensfrukost.
  • ha joleavslutning.

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Medlemsforsamling
lagslyd -en

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Ola med ljodutstyret

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.