Arbeidsprogram 2007
Landsmøtet til Norsk Målungdom vert skipa av SmiN 16.–18. mars, og feststaden i dette høvet vert Brundalen vidaregåande skule på Jakobsli i Trondheim. Store delar av vårsemesteret kjem naturlegvis til å gå med til førebuing av landsmøtet. Simon held på med å lage tøffe t-skjorter som kjem til å vere ferdige til landsmøtet.
Diverre har medlemstalet i SmiN gått ned, denne tendensen må me gå inn for å stogge, og snu til det positive i år 2007! Alle medlem i styret, inkludert varamedlem, får i oppgåve å verve eit nytt medlem kvar, i tillegg skipar styret til vervekonkurranse med staselege premiar. Ikkje berre er det eit mål å verve fleire, det er også viktig å oppmode noverande medlemmar til å verte aktive.
SmiN skal i 2007
- Senda ut tilbod om realfagsordlista til aktuelle fakultet på NTNU og HiST.
- Senda ut tilbod om medieordlista til aviser, bokhandlarar og fagfolk på mediefag.
- Ha semesterstartaksjonar med verving og sal av ordlister.
- Reisa på ymse tilskipingar i NMU og NM. Særskilt bør vi stille med minst 7 deltakarar på studentsamling og minst 3 på sumarleir.
- Markera oss på Gløshaugen, Dragvoll og HiST.
- Skipa til ope møte, gjerne i samarbeid med andre organisasjonar og lag for å nå ut til fleire.
- Markera oss i Under Dusken, Adresseavisa, Student-TV, NRK med meir.
- Vera med på målferd i Trøndelag i regi av sentralstyret visst det vert aktuelt.
- Auka medlemstalet til over 100.
- Ha ein vervekonkurranse med saftige premiar for å nå målet om 100 medlem.
- Halde oppe samarbeidet med Nidaros Mållag.
- Førebu oss på kommune- og fylkesvalet.
Vårsemesteret
- Førebu og gjennomføre landsmøtet 2007.
- Medlemsmøte før landsmøta i NMU og NM for å drøfta landsmøtesaker.
- Reisa på landsmøta åt Norsk Målungdom og Noregs Mållag og årsmøtet i Trønderlaget.
- Aksjonere for å få Solsiden kjøpesenter til å skifte namn til Solsida kjøpesenter.
- Oppdatere e-postlista og adresselista over SmiN-medlem.
- Søkje å finne ein kontaktperson for SmiN på HiST.
- Søkje om å få tildelt tavleplass på HiST.
- Arbeida for meir nynorsk i studentmedia.
- Skolere dei politiske partia i målsaka i lag med resten av målrørsla.
- SmiN stør opp under eventuelt skulemålsarbeid i regi av Nidaros Mållag.
- Eksamensfrukost.
- Sumaravslutning.
Haustsemesteret
- Ha ein teaterkveld.
- Vera med på StudentbyEN sin skulestartkampanje.
- Søkje å finne ein kontaktperson for SmiN på HiST.
- Delta på studentsamlinga visst det vert skipa til.
- Arbeida for meir nynorsk i studentmedia ved å vie merksemd til nynorskbrukarar i til dømes Under Dusken og Universitetsavisa.
- Arbeida for å styrkja norsk, særleg nynorsk, som akademisk språk ved å vie merksemd til tilsette ved NTNU og HiST som skriv lærebøker på nynorsk.
- Skipa til nynorskkurs.
- Eksamensfrukost.
- Joleavslutning.






