Arbeidsprogram 2006
I år feirar Noregs Mållag 100-årsjubileet sitt, og 2006 er eit festår for heile målrørsla. Me i Studentmållaget i Nidaros tek sjølvsagt del i feiringa av NM, men me lyt òg feira oss sjølv. SmiN vart skipa 28. september 1916, og me vert dimed 90 år i år. Me lyt nytta dette jubileet til å styrkja laget vår. Medlemstalet gjekk ned i fjor, og me hadde 80 teljande medlem. Dette til trass av at Norsk Målungdom hadde stort medlemsauke i fjor, og språkkjensla til folk er betre enn på lange tider. I år lyt me få fleire medlem, men me lyt òg få fleire aktivistar.
Mot slutten av arbeidsperioden 2005 vart SmiN kontakta av Studentmållaget i Oslo. Dei hadde ynske om å tilsetja ein studentmållagsskrivar som skulle reisa rundt i landet, hjelpa studentmållag til å auka aktiviteten sin, skapa kveik og skipa nye studentmållag. Røynslene frå reiseskrivarstillingane i NM kan vera gode modellar å sjå på for organiseringa. SmiO har 100 000 kroner som dei vil nytta til prosjektet, og såg for seg at det var mogleg å få 50 000 kroner frå andre studentmållag, og 50 000 kroner frå Frifond og liknande. Styret vårt var positive til ideen, men ville vita meir om prosjektet fyrst. SmiN bør finna ut kva me ynskjer med ei slik stilling, og kor mykje pengar me kan/vil stø prosjektet med.
SmiN skal i 2006
- Senda ut tilbod om realfagsordlista til aktuelle fakultet på NTNU og HiST.
- Senda ut tilbod om medieordlista til aviser, bokhandlarar og fagfolk på mediefag.
- Ha semesterstartaksjonar med verving og ordlistesal.
- Reisa på ymse tilskipingar i NMU og NM. Særskilt bør vi stille med minst 8 deltakarar på studentsamling og minst 4 på sumarleir.
- Markera oss på Gløshaugen, Dragvoll og HiST.
- Skipa til ope møte. Eitt i samarbeid med andre, og eitt i namnet til SmiN.
- Markera oss i Under Dusken, Adresseavisa, Student-TV, NRK med meir.
- Vera med på målferd i Trøndelag i regi av sentralstyret.
- Auka medlemstalet til over 100.
- Ha minst to verveaksjonar.
- Halde oppe samarbeidet med Nidaros Mållag.
- Greia ut om studentmållagsskrivaren, mellom anna finna ut kva me ynskjer med stillinga, økonomiske spørsmål og leggja planar saman med andre lag og NMU.
- Førebu oss på kommune- og fylkesvalet neste år
- Feira 90-årsjubileet vårt
Vårsemesteret
- Medlemsmøte før landsmøta i NMU og NM for å drøfta landsmøtesaker.
- Reisa på landsmøta åt Norsk Målungdom og Noregs Mållag og årsmøtet i Trønderlaget.
- Skipa til nynorskkurs.
- SmiN stør opp under eventuelt skulemålsarbeid i regi av Nidaros Mållag. Me lyt velja ut kven som kan vera med føreåt.
- Sumaravslutning/sosial kveld i juni
Haustsemesteret
- Ha ein teaterkveld
- Vera med på StudentbyEN sin skulestartkampanje
- Delta på studentsamlinga
- Delta på konferansen til Trondheim Sosiale Forum
- Skolere dei politiske partia i målsaka
- Ha ein sosial kveld den 28. september i høve 90-årsjubileet vårt
- Førebu landsmøtet 2007
- Ha joleavslutning






