Arbeidsprogram 2003
Vårsemesteret
- Reisa på MuTN-samling, helga 7.-9. februar.
- Reisa på Vinterseminaret til Noregs mållag
- Skrivekurs i mars i samarbeid med Norsk Tidend og Motmæle
- Semesterstartaksjon med verving og ordlistesal
- Norskkurs i april/mars
- Reisa på landsmøta åt Norsk Målungdom og Noregs Mållag
- Laga sams studentmållagsflogskrift
- Senda ut ei gåva til alle som svarar medlemspengar i SmiN i 2003. Framlegg: SmiN-sokkar (med teksten «SmiN – for dei som er sure på bokmålet»), bokmerke («med nynorsk på sengekanten»)
- Hjelpa til med evt. parallellklassearbeid i regi av Nidaros Mållag
- Skipa til ope møte. Eit i samarbeid med andre, og eit i namnet til SmiN.
- Medlemsmøte før landsmøta i NMU og NM for å dryfta landsmøtesaker
- markering på Gløshaugen, Lærarhøgskulen, TØH og konservatoriet
- markera oss på Dragvoll med bokdisk
- Sumaravslutting i juni
Haustsemesteret
- Semesterstartaksjon med verving og ordlistesal
- Reisa på ymse tilskipingar i NMU og NM
- Ha ein teaterkveld
- Skipa til ope møte
- Verving til barnebokklubben Blåmann i samarbeid med Nidaros Målag
- Joleavslutning






