Ordlistene
Føreord
Skal eit språk ha status som eit brukande språk, må det vera mogleg å nytta det i alla samanhenger, òg i akademia. Om ikkje misser det lett statusen sin og vert eit språk som folk trur berre høver på nokre område, som til dømes i dikt. Diverre er ein del av dei fagomgrepa som i dag vert nytta på bokmål, engelsk eller andre språk, ikkje støtt så lette å setja om til nynorsk. På ex.phil. møter du ord som anskuelsesformer, foranderlighet og erkjennelse og på realfag bevegelsesmengde, betinget sannsynlighet og debugging. Det kan ofte vera vanskeleg å spontanomsetja når førelesaren nyttar framandord og fagtermar. For at ikkje kvar nye nynorskskrivande student skal vera nøydd til å fi nna opp krutet på ny, har me difor laga denne ordlista. Her fi nn du flest ord knytt til matematikk og fysikk, men òg ord frå IKT, kjemi og ingeniøremne.
Mange av framandorda i denne ordlista er tillatne i nynorsk, men språket vert betre og ofte lettare å skjøna når ein nyttar nynorske og meir sjølvforklarande ord. Det er til dømes lettare å skjøna halvkule og varmeløysande enn hemisfære og eksotermisk. Det nynorske målet er meir verbalt enn bokmålet, og for å få til eit godt mål kan det ofte vera klokt å skriva om setningane. Der ein på bokmål gjerne skriv «gyldighetsområdene for formlene antas kjent for studenten», vil det på nynorsk vera betre å skriva «studenten må sjølv kjenna til områda der formlane gjeld».
Me nynorskbrukarar lyt halda fram med å laga nye ord, nynorsken vert aldri «ferdig». For at nynorsk skal vera eit bruksmål, lyt me utvikla målet og laga og spreia nye ord når det trengst. Me i Studentmållaget i Nidoros vonar denne ordlista vil inspirera andre til å laga ordlister for andre fag.
Takk til Håvard Tangen, Are Eidissen, Erlend Estenstad, Anders Gjelsvik og Turid Follestad.
Jens Morten Nilsen






