Studentmållaget i Nidaros

Ordlistene

« Attende til listeoversynet

Medieordlista

I denne ordlista, som er redigert av Arild Torvund Olsen og Ingvild Aursøy Måseide, finn du nynorske avløysarord for fagomgrep som vert nytta i film- og medievitskap. Du kan slå opp på eit bokmålsomgrep eller eit framandord, og få vita kva det tilsvarande nynorske fagomgrepet er. Me sel ei papirutgåve av ordlista. Kjøp ei i dag. Du kan òg lasta henne ned i PDF-utgåve. Medieordlista var sist endra: 04. mai 2003

Leit i Medieordlista

E

e-mail
1. e-post -en
2. e-brev -et, skjermbrev -et (Skiljet mellom e-post og e-brev er det same som skiljet mellom post og brev. «Når du hentar ned e-posten din, kan du få mange e-brev».)
edit (v)
redigera -te, klyppa -te
editing
redigering -a/i, klypping -a/i
editor
redaktør -en (av eit blad), bladstyrar -en (for eit blad), redigerar -en (på ein film), klyppar -en (på ein film)
edutainment
leik-og-lær, kunnskapsleik -en
Eigenlicht
sendeljos -et, eige ljos
eklektisk
1. samansett (av element frå fleire førebilete)
2. utveljande
eksponere
utlevera, openberra, utsetja for noko, syna, berrleggja
eksposisjon
(orienterande) framstilling -a/i (om ei filmscene)
ekspresjon
uttrykk -et
ekstravagans
overflod -a/i, overdriving -a/i, ovnøgd -a/i
ekstravagant
overdriven, umåtehalden, råflott, måtelaus
emansipatorisk
frigjerande
emosjon
kjensle -a
emosjonell
kjensleladd, som har med kjenslene å gjera
emoticon
kjenslebilete -t, kjensleteikn -et «På verdsveven nyttar folk gjerne kjenslebilete som :) for å markera kjenslene sine.»
empati
innleving -a/i
encoding
koding -a/i
encoding - decoding
koding - avkoding
enighet
semje -a
entertainer
underhaldar -en, underhaldningsartist -en
entertainment
underhaldning -a/i
episode
bolk -en, hending -a/i
erfaring
røynsle -a
erkjennelse
sannkjenning -a/i, erkjenning -a/i, sansing -a/i, innsyn -et, skjøn -et, forståing -a/i
etnografi
1. folkeskildring -a/i
2. feltgransking -a/i (innan publikumsforsking i media)
etterrettelig
å vera til å lita på, påliteleg, som tåler etterrøkjing, sætande
excess
estetisk overskot -et
executive producer
produksjonsleiar -en, utøvande produsent -en
expectancy-value
vonverde -t
expectancy-value approach
vonverde-tilnærming -a/i

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Resepsjonsforsking
mottakingsforsking -a/i

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Ny SmiN-skjorte 2

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.