Studentmållaget i Nidaros

Ordlistene

« Attende til listeoversynet

Medieordlista

I denne ordlista, som er redigert av Arild Torvund Olsen og Ingvild Aursøy Måseide, finn du nynorske avløysarord for fagomgrep som vert nytta i film- og medievitskap. Du kan slå opp på eit bokmålsomgrep eller eit framandord, og få vita kva det tilsvarande nynorske fagomgrepet er. Me sel ei papirutgåve av ordlista. Kjøp ei i dag. Du kan òg lasta henne ned i PDF-utgåve. Medieordlista var sist endra: 04. mai 2003

Leit i Medieordlista

M

mail
1. post -en
2. e-post -en
3. e-brev -et, skjermbrev -et (Skiljet mellom e-post og e-brev er det same som skiljet mellom post og brev. «Når du hentar ned e-posten din, kan du få mange e-brev».)
mainstream
hovudstraums,midstraums,gjennomsnitts «Det var ein typisk hovudstraumsfilm.»
mainstreaming
einsretting -a/i, utjamning -a/i, meiningsutjamning -a/i (innan effektforskinga), forflating -a/i
make up
sminke -a
maleri
målarstykke -t, måleri -et
market driven journalism
marknadsstyrd journalistikk -en
master (-tape)
original -en, kopigrunnlag -et
meddelelse
kunngjering -a/i, melding -a/i, utsegn -a/i, vitring -a/i
medie
medium (på nynorsk er bøyinga: medium, mediet, medium, media. I samansetjingar: medie-)
metamorphosis
formendring -a/i, omskaping -a/i
mise-en-scène
det som vert synt fram, iscenesetjing -a/i
mixed media
blandingsmedium
monolog
einetale -n
montasje / montage
samansetjing -a/i,samanføying -a/i, samanfelling -a/i
montasjesekvens
samansetjingssekvens -en
morphing
formendring -a/i, omskaping -a/i
movie
film -en
movie still
(still-) bilete -t (frå ein film) «Bladet hadde med eit stillbilete frå den komande Bond-filmen.»
multimedia
mangemedium (i samansetjingar: mangemedie- ) «Tilskodarane fekk sjå ei mangemedieframsyning.»
musical
musikal -en, syngjespel -et, musikkspel -et
musique concréte
konkret musikk -en

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Uendelighet
endeløyse -a

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Varm drykk

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.