Ordlistene
Medieordlista
I denne ordlista, som er redigert av Arild Torvund Olsen og Ingvild Aursøy Måseide, finn du nynorske avløysarord for fagomgrep som vert nytta i film- og medievitskap. Du kan slå opp på eit bokmålsomgrep eller eit framandord, og få vita kva det tilsvarande nynorske fagomgrepet er. Me sel ei papirutgåve av ordlista. Kjøp ei i dag. Du kan òg lasta henne ned i PDF-utgåve. Medieordlista var sist endra: 04. mai 2003
Leit i Medieordlista
L
- label
- etikett -en, merke -t, platemerke -t, plateselskap -et «Plata kom ut på Harvest-merket til EMI.»
- layout
- formgjeving -a/i, oppsett -et, bladbunad -en (om blad), bokbunad -en (om bøker), utforming -a/i
- Leitmotiv
- leiemotiv -et
- lens flare
- linsebluss -et, linseljos -et «Når sola skin mot kamera, kan det føra til linsebluss.»
- letterbox format
- brevsprekkformat -et (når filmar i breiformat vert synt som ei tynn stripe på ein tilnærma kvadratisk skjerm)
- link (s)
- lekkje -a, lenkje -a, peikar -en (på vevsider)
- link (v)
- lekkja -er, lenkja -a
- literary criticism
- litteraturvitskap -en «Delar av litteraturvitskapen har inspirert mellom anna mottakingsforskinga i medievitskapen.»
- live
- 1. direktesendt (om radio-/fjernsynsprogram), rett på lufta
- 2. sceneopptak -et
- live electronic music
- utøvarbasert elektronisk musikk -en
- live music
- konsertmusikk -en, levande musikk -en
- live recording
- konsertopptak -et (om musikk)
- liveness
- å vera (eller gjeva inntrykk av å vera) direktesendt «Mange fjernsynsprogram ynskjer å gjeva inntrykk av å vera direktesende, sjølv om dei ikkje er det.»
- location
- 1. innspelingsstad -en (utanfor studio)
- 2. stad -en
- logo
- bumerke -t, varemerke -t
- loop
- sløyfe -a
- loudness
- ljodstyrke -n
- low brow
- 1. lågkulturell
- 2. uintellektuell
- low key lighting
- kontrastljos -et
- low modernism
- lågmodernisme -n
- l´art pour l´art
- kunst for kunsten si skuld






