Studentmållaget i Nidaros

Ordlistene

« Attende til listeoversynet

Føreord

Skal eit språk ha full status, må det vera mogleg å nytta det i alle samanhengar, i akademia òg. Om ikkje misser språket lett statusen sin og vert eit språk som folk trur berre høver på nokre område, som til dømes i dikt. Diverre er ein del av fagomgrepa som vert nytta i dag på bokmål, engelsk eller andre språk, ikkje støtt so lette å setja om til nynorsk. Alt på førebuande møter du ord som anskuelsesformer, foranderlighet og erkjennelse. Jamvel om langt ifrå alle fag er like ille som førebuande, kan det ofte vera vanskeleg å sitja og spontanomsetja når førelesaren nyttar framandord. For at ikkje kvar nye nynorskskrivande student skal vera nøydd til å finna opp krutet på ny, har me difor laga denne ordlista.

Mange av framandorda i denne ordlista er tillatne i nynorsk, men språket vert betre og ofte lettare å skjøna når ein nyttar nynorske og meir sjølvforklårande ord. Det er til dømes lettare å skjøna ordet frigjerande enn ordet emansipatorisk. Media er dessutan eit emne som råkar fleire enn mediestudentane, og me vonar difor at orda i denne ordlista kan gjera det lettare for fleire å skjøna kva det er tale om.

Det nynorske målet er kjent for å vera meir verbalt enn bokmålet, og for å få til eit godt mål kan det ofte vera klokt å skriva om setningane. Der ein på bokmål gjerne skriv «Saklighet er av stor viktighet når man skal skrive», so vil det på nynorsk vera betre å skriva «Det er viktig å skriva sakleg».

Me nynorskbrukarar lyt halda fram med å laga nye ord, nynorsken vert aldri «ferdig». For at nynorsk skal vera eit bruksmål, lyt me utvikla målet og laga og spreia nye ord når det trengst. Me i Studentmållaget i Nidaros vonar denne ordlista vil inspirera andre til å laga ordlister for andre fag. Me vil utfylla denne vevutgåva av ordlista etter kvart som me finn fleire ord.

Til sist vil me retta ei takk til dei som har hjelpt oss og kome med innspel medan me arbeidde med ordlista: Magnar Breivik, Inger Johansen, Stig Kulset, Sergej Alexander Munkvold, Anne Marit Myrstad, Vivian Torvund Olsen, Håvard Tangen, Erlend Trones og Jon Peder Vestad.

Ingvild Aursøy Måseide og Arild Torvund Olsen

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Resepsjonsforsking
mottakingsforsking -a/i

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Ny SmiN-skjorte 3

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.