Ordlistene
Medieordlista
I denne ordlista, som er redigert av Arild Torvund Olsen og Ingvild Aursøy Måseide, finn du nynorske avløysarord for fagomgrep som vert nytta i film- og medievitskap. Du kan slå opp på eit bokmålsomgrep eller eit framandord, og få vita kva det tilsvarande nynorske fagomgrepet er. Me sel ei papirutgåve av ordlista. Kjøp ei i dag. Du kan òg lasta henne ned i PDF-utgåve. Medieordlista var sist endra: 04. mai 2003
Leit i Medieordlista
D
- day time
- dagtid -a/i «Det var ein typisk dagtid-såpeopera.»
- deadline
- (tids-) frist -en, leveringsfrist -en, daudline -a
- decoding
- avkoding -a/i
- denotasjon
- grunntyding -a/i «Biletet har både grunntydingar og medtydingar.»
- design
- utforming -a/i, formgjeving -a/i
- designer
- formgjevar -en, utformar -en
- desk
- redaksjonssenter -et, redigeringssenter -et
- deskriptivt syntagme
- skildrande samansetjing -a/i
- determininert
- førehandsstyrd, gjeve på førehand
- deus ex machina
- «ein gud frå maskina», uventa hjelp, inngrep utanfrå
- diagonal (a)
- skrå «Biletet har mange skråe rørsler.»
- diagonal (s)
- skråline -a «Biletet vart delt av ei skråline.»
- dialog
- samtale -n, prat -en
- diegese
- 1. utgreiing -a/i
- 2. verda som ein fiksjonsfigur eksisterer i, fiksjonsverd -a/i «Jamvel om 80-talet er fortid for oss, so er det notid i verda til figurane i Dynastiet.»
- diegetisk lyd
- innomverds ljod -en, ljod som er ein del av fiksjonsverda «Musikken gjekk frå å vera utomverds til innomverds ljod.»
- direct mail
- adressert reklame -n
- director
- regissør -en
- direktehet
- 1. å vera (eller gjeva inntrykk av å vera) direktesendt
- 2. å vera beintfram / beinveges
- diskontinuitet
- samanhengsbrot -et, usamanhangande framstilling -a/i
- diskurs
- (Ordet diskurs vert nytta sers ulikt mellom dei som skriv. Finn ut kva for ei av omsetjingane her som samsvarar med det du/den som skriv, vil seia, mellom anna med tanke på kva ordet skal stå i motsetnad til.)
- 1. forteljingsuttrykk -et
- 2. forteljarmåte -en
- 3. uttrykk -et
- 4. samtale -n
- 5. drøfting -a/i
- 6. samhandling -a/i
- 7. tekst -en
- 8. pratet om noko
- 9. melding -a/i
- display
- (data-) skjerm -en, skjermfelt -et, panel -et, teiknrute -a
- dissolve
- overtoning -a/i
- docu-soap
- doku-såpe -a, dokumentarsåpe -a
- doxa
- ålmenn synsmåte -n, gjengs meining -a/i
- drive in cinema
- bilkino -en, utandørs kino -en, utomhuskino -en
- dybde
- djupn -a/i
- dybdefokus
- djupfokus -et «Djupfokus spela ei viktig rolle i Citizen Kane.»
- dybdeintervju
- djupneintervju -et, djuptgåande intervju -et
- dybdeskarphet
- djupfokus -et, vera skarp i djupna
- dypfokus
- djupfokus -et






