Studentmållaget i Nidaros

Ordlistene

« Attende til listeoversynet

Medieordlista

I denne ordlista, som er redigert av Arild Torvund Olsen og Ingvild Aursøy Måseide, finn du nynorske avløysarord for fagomgrep som vert nytta i film- og medievitskap. Du kan slå opp på eit bokmålsomgrep eller eit framandord, og få vita kva det tilsvarande nynorske fagomgrepet er. Me sel ei papirutgåve av ordlista. Kjøp ei i dag. Du kan òg lasta henne ned i PDF-utgåve. Medieordlista var sist endra: 04. mai 2003

Leit i Medieordlista

C

camera
kamera -et
cartoon
teiknefilm -en
case
tilfelle -t, sak -a/i
cast
skodespelarane, dei som er med, rollehavarane
casting
tildela roller, utveljing av skodespelarar
catharsis
reinsing (av sinnet)
character
person -en, rollefigur -en
chat
netprat -en
chat group
prategruppe -a
chatting
netprating -a/i
chord
akkord -en
chroma-key
fargenykel -en (jamfør med oppslagsordet keying)
clair-obscur
ljos-mørke
cliff hanger
hangande slutt, interessevekkjar -en
close-up
nærbilete -t
clue
1. spor -et
2. nykelord -et, stikkord -et
collage
klistrebilete -t, samansetjing -a/i (som i t.d. ljodsamansetjing), samanstelling av bilete
colourfulness
fargerikdom -en, fargeintensitet -en
comic
teikneserie -n
commercial break
reklamepause -n
composite photography
samansett fotografi -et
connaiseur
kjennar -en (til dømes ein kunstkjennar)
contentum
ljodkulissar, miljøljod -en, realljod -en, bakgrunnsljod -en
context
samanheng -en
continuity
1. ubroten samanheng -en, kontinuitet -en
2. handlingsgang -en (i film)
3. samanbindande kommentarar (i radio/fjernsyn)
continuity editing
samanhengsklypping -a/i, framhaldsklypping -a/i, kontinuitetsklypping -a/i
convention
sedvane -n, vane -n
convergence
1. samansmelting -a/i,samanfall -et, tilnærming -a/i
2. auka informasjonsmengd (på skjermen)
cover
1. (plate-/bok-/blad-) omslag -et
2. nyinnspeling -a/i (av ein song nokon andre har laga), tolking -a/i, lånelåt -en
credits
1. rulletekst -en
2. føretekst -en, opningstekst -en
3. krediteringar (kven som har gjort kva i t.d. ein film), opplisting av medarbeidarar
crew
mannskap -et, stab -en
cross over
kryssing -a/i
cue
stikkord -et (til ein skodespelar), teikn for handling/ord
cultural studies
kulturstudietradisjonen, britiske kulturstudium, Birmingham-skulen
cyberspace
kyberrom -et, dataverda

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Resepsjonsforsking
mottakingsforsking -a/i

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Venting

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.