Ordlistene
Medieordlista
I denne ordlista, som er redigert av Arild Torvund Olsen og Ingvild Aursøy Måseide, finn du nynorske avløysarord for fagomgrep som vert nytta i film- og medievitskap. Du kan slå opp på eit bokmålsomgrep eller eit framandord, og få vita kva det tilsvarande nynorske fagomgrepet er. Me sel ei papirutgåve av ordlista. Kjøp ei i dag. Du kan òg lasta henne ned i PDF-utgåve. Medieordlista var sist endra: 04. mai 2003
Leit i Medieordlista
A
- action
- handling -a/i, fres -en, spaning -a/i
- action movie
- spaningsfilm -en, handlingsfilm -en (film som har hovudvekta på handlinga, ikkje på talen)
- action painting
- handlingsmåling -a/i
- adbusting
- blestbrekking -a/i
- agenda
- sakliste -a, dagsorden -en
- agenda setting research
- dagsordentradisjonen, forsking på dagsordenfunksjonen (til media)
- aktør
- (ein) medverkande (person), medspelar -en
- ambient music
- omverdsmusikk -en, omgjevnadsmusikk -en
- analogi
- likskap -en, samsvar -et «Eit bilete av ein ost har ein likskap med osten som dei skriftlege teikna o-s-t ikkje har.»
- analyse
- oppløysing -a/i, oppdeling -a/i, (kritisk) gransking -a/i, gjennomgang -en
- analysere (v)
- løysa opp, fingranska -a, gå nøye gjennom
- ancrage
- forankring -a/i, ankerfeste -t, fastsetjing -a/i, styring -a/i «Teksten kan fastsetja tydinga til biletet.»
- anskueliggjøre
- åskodeleggjera (-gjorde), illustrera -te, skildra -a, gjera tydeleg, vera døme på
- anskuelsesform
- åskodingsform -a/i, synsform -a/i, måte å sjå verda på
- anslag
- 1. opptakt -a/i, oppspark -et, byrjing -a/i, innleiing -a/i «I opptakta til filmen vert me tekne inn i ei høveleg stemning.»
- 2. fingerslag -et,nedtrykk -et (av ein tangent)
- 3. åtak -et, tilslag -et
- arbitrære tegn
- vilkårlege teikn, tilfellelege teikn
- arketyp
- urbilete -t, urførestelling -a/i, grunnførestelling -a/i
- arrière-garde
- baktropp -en
- ars liberalis
- fri kunst
- art
- kunst -en
- art director
- 1. kunstnarleg leiar -en
- 2. ateliersjef -en (innan reklamebransjen)
- assistant producer
- medprodusent -en, assisterande produsent -en
- assosiasjon
- (individuell) tilleggstyding -a/i
- atspredelse
- tidtrøyte -a, underhaldning -a/i
- attitude
- haldning -a/i
- audition
- prøvespeling -a/i, rolleprøve -a
- auteur
- filmskapar -en, filmkunstnar -en, filmdiktar -en, programskapar -en (om fjernsyn)
- avant-garde
- fortropp -en, spydspiss -en, (nokon som er) i spissen for utviklinga / i brodden for eitkvart
- avantgardistisk (a)
- banebrytande
- avbilde (v)
- attgje, skildra -a, teikna -a, måla -a, framstilla -te, syna -te
- avbildning
- attgjeving -a/i, skildring -a/i, bilete -t «Målarstykket var eit bilete av ein banan.»
- avløsing
- avløysing -a/i «Teksten kan fungera som avløysing for biletet.»






