Studentmållaget i Nidaros

Ordlistene

Terminologiarbeid og nynorsk som fagspråk er blant arbeidsfelta til SmiN. Me hev gjeve ut eit tre ordlister som ein del av dette arbeidet.

Søk

Leit i ordlistene



Leit i:


Bla i ordlistene

Medieordlista (PDF, (papirutgåve)

I denne ordlista, som er redigert av Arild Torvund Olsen og Ingvild Aursøy Måseide, finn du nynorske avløysarord for fagomgrep som vert nytta i film- og medievitskap. Du kan slå opp på eit bokmålsomgrep eller eit framandord, og få vita kva det tilsvarande nynorske fagomgrepet er. Me sel ei kjekk papirutgåve av ordlista.

Organisasjonsordlista (språkrådnynorsk)

Denne ordlista inneheld nynorske avløysarord til bokmåls- og framandord nytta i organisasjonslivet. Ordlista finst berre her på veven.

Realfagsordlista (PDF) (papirutgåve)

Realfagsordlista, redigert av Jens Morten Nilsen, har nynorske avløysarord for fagomgrep som vert nytta i realfag. Me sel ei kjekk papirutgåve av ordlista.

Leitehjelp:

  • Me leiter i alle ordlistene for deg. Ynskjer du å leita i ei særskild liste, kan du krysse av for henne.
  • Kryssar du av for fritekstsøk, leiter me òg i omgrepa
  • Du får opptil ti treff.
  • Du vil få treff på alle orda som inneheld søkjet ditt i: «regn» vil til dømes gjeva treff på «beregne» og «regnskap».
  • Nytt «%» for vilkårlege teikn: «lo%p» vil til dømes gjeva treff på «loop» og «close-up».
  • Nytt «_» for eitt vilkårleg teikn: «lo_p» vil til dømes gjeva treff på «loop», men ikkje «close-up».

Om du hev framlegg til nye ord eller kommentarar, so kan du kontakta oss. Me sel papirutgåver av Medieordlista og Realfagsordlista.

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Resepsjonsforsking
mottakingsforsking -a/i

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
God graut og godt selskap

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.