Medlemskap
Lurer du på om du vil verta medlem? Dette vil kanskje hjelpa deg:
Som medlem av SmiN vil du få bladet Motmæle, kvartalsavisa Norsk Tidend og tilbod om å vera med på ymse tilskipingar (kulturkveld, studentkonferanse, sumarleir m.m.). Laget har òg matpakkesamlingar, spanande medlemsmøter med friske innleidarar og gjæve nynorskkurs, for å nevna litt. Ikkje er det dyrt å vera medlem heller:
Medlemspengar
- Innmelding før 1. juli: 50 kr. ut året
- Innmelding etter 1. juli: 100 kr. ut neste år
Innmelding
Du kan melda deg inn ved å ved å senda eit e-brev med namn, adresse, telefonnummer, e-post og fødeår til styret@smin.no, eller ved å fylla ut innmeldingsskjemaet.
Du kan òg betala 50/100 kroner inn til konto 3450.65.48618, og merk giroen med «Ny medlem i SmiN. Fødd 19XX». Etterpå er det gjævt om du melder i frå til skriv@nynorsk.no om at du har svara medlemspengar, og kva e-postadressa, telefonnummeret og fødeåret ditt er.
Verving
Når du er vorte medlem, kvifor ikkje verva ein ven eller to? Me har laga ei fantastisk verveblokk (merk: gammal medlemspengesats, 30/60 kroner) som passar perfekt til baklomma di, slik at du alltid er budd til å verva dei du møter. Slik vervar du dei:
- Få dei som du skal verva til å fylla ut informasjonen i verveblokka
- Ta imot medlemspengar, 50 kroner ut året. Etter 1. juli kan dei velja om dei vil betala ut året, eller om dei vil svara 100 kroner ut neste år.
- Gje det førebelse medlemskortet til den nyverva, og send resten av slippen til Norsk Målungdom, postboks 285 sentrum, 0103 OSLO
- Set pengane for vervinga inn på konto 3450.65.48618. Hugs å merka giroen med namnet på dei du har verva!
Du kan òg nytta innmeldingsskjemaet. Fyll inn deg sjølv som vervar i feltet «Andre ting»






