Studentmållaget i Nidaros

Eksamen på eiga målform

Med jamne mellomrom opplever nynorskstudentar å berre få eksamensoppgåvene sine på bokmål. Når NTNU og HiST år etter år prioriterer ned rettane til nynorskbrukarane so gjev dei eit signal om at nynorsk er noko sært som ikkje høyrer heime på universitetet. Nynorsk og bokmål er offisielt jamstilte språk i Noreg, og som statlege kunnskapsformidlarar har universitet og høgskuler plikt til å etterleva denne jamstillinga.

I Forskrifter om målform i eksamensoppgåver §2 står det tydeleg at eksamensoppgåver skal liggja føre på båe målformene, og at eksamenskandidatane etter eige ynske kan få oppgåvene anten på nynorsk eller på bokmål. Det må heilt særskilde grunnar til for at instituttet ikkje skal kunne gjeva deg eksamen på nynorsk, og du skal då ha fått melding om dette minst tre månader før eksamensdagen. Om du meiner vedtaket ikkje er gjort på rett grunnlag, kan du senda klage til Kultur- og vitenskapsdepartementet om dette.

Kva kan eg gjera under eksamen?

Du sit i eksamenslokalet, og får utdelt bokmålsutgåva. Kva gjer du då?

  • Spør eksamensvaktene. Det hender seg at dei deler ut bokmålsutgåva i rein sedvane, men at dei har nynorskutgåva i øskja si.
  • Høyr med faglærar. Faglæraren din kjem innom lokalet under eksamenen, og det er som oftast ho eller han som har skrive eksamensoppgåvene. Gje henne eller honom litt dårleg samvit!
  • Nekt å levera. Dette er diverre ikkje ein rett du har, men me tykkjer det er kjempeflott om du står på krava dine. Me kjenner til kandidatar før som har gjort dette og fått tilbod om konteeksamen, så me står attom deg.

Det er lite anna du kan gjera på eksamensdagen om nynorskutgåva ikkje finst, men det er viktig at du ikkje let likesæla vinna! Me oppmodar deg om å klaga til fakultetet ditt, anten du fullfører eksamen eller om du forlet eksamenslokalet.

Kva med når oppgåva er gjeve som vedlegg?

Diverre finst det ein del faglærarar som prøver «å lura systemet» ved å gjeva oppgåva som vedlegg for å sleppa å laga nynorskutgåver. Me får kvart år spørsmål om dette er rett, og det enkle svaret er: nei. I følgje regelverket er det rettnok ikkje påkrevd at vedlegga skal liggja føre i båe målformene, men oppgåva skal det, same om ho er gjeve som vedlegg, skrive på tavla, sendt som morsekode eller kva det måtte vera! Kjem du over dette, er det snakk om eit overlagt lovbrot. Ikkje lat læraren sleppa unna med det denne gongen!

Eksamensoppgåva er full av skrivefeil

Eit anna problem me møter, er at det ikkje er gjort godt nok arbeid med oppgåvene. Me høyrer ofte om eksamenar der heile deloppgåver manglar i nynorskversjonen, eller at oppgåvetekstane inneheld svært mange skrivefeil. I dei verste tilfella kan teksten innehalda ord som skapar ein stor meiningsskilnad frå bokmålsteksten. Eit år fekk til dømes nynorskstudentar spørsmål om «eigenskapar og ueigenskapar», og det synte seg at dette var ei dårleg omsetjing frå bokmål av «likheter og ulikheter». Slik skal det ikkje vera. Universitetet og høgskulen skal følgja læreboknormalen, og det lyt då reknast som ein formell feil viss oppgåveteksten inneheld skrivefeil som skapar forvirring og skilnad frå bokmålsutgåva. Det er sjølvsagt inga tvil at det er ein formell feil når heile deloppgåver manglar.

Senda klage

Har du vore råka for manglande (eller svært mangelfullt) nynorsk oppgåvesett under eksamen? Då lyt du leggja fram ei klage til fakultetet ditt, gjerne med kopi til Språkrådet og studentmållaget. Etter universitetslova har du tre veker frå eksamensdagen til å klaga. Sensor skal taka omsyn til formelle feil ved karaktersetjinga. Meiner du at dette ikkje er gjord, kan du leggja fram ei ny klage. Den gamle karakteren vert då oppheva, og du vil få ny sensur som tek omsyn til manglane i eksamensteksten.

Viss du treng hjelp, kan me hjelpa deg. Hugs å henga opp ein eksamensplakat på lesesalen din.

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Resepsjonsforsking
mottakingsforsking -a/i

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Mat

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.