Songkveld med Terje Aarset
Onsdag 23. mars skipar Nidaros Mållag til songkveld med Terje Aarset, og alle studentar og andre interesserte er sjølvsagt hjarteleg velkomne. Tak med deg ein ven eller ti og kom og syng!
Om songkvelden med Aarset:
I 2009 gav Terje Aarset, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, ut
boka “Den nynorske songskatten“. Boka vart kåra til Årets nynorskbok,
og ho har elles fått svært gode kritikkar. I “Den nynorske
songskatten” finst artiklar om 15 folkekjære songar, som “Blåmann” og
“Det lyser i stille grender”, med notar attåt.
Onsdag 23. mars kjem Aarset til Trondheim. Han skal fortelja oss litt
om bakgrunnen, oppbygginga og bruken av songane, og så skal vi
sjølvsagt syngja dei.
Tid: Onsdag 23. mars klokka 19.30
Stad: BUL-salen i Søndre gate 22 B
Inngang: kr 50
Arrangør: Nidaros Mållag






