Studentmållaget i Nidaros

Årsmøte 9. februar

Fredag 14. januar 2011

Eit godt nytt år til alle SmiN-arar! Styret i SmiN har gleda av å kalla inn til årsmøte onsdag 9. februar klokka 18.00. Møtet skal vera på BUL-kontoret i Dronningens gate 23. Om du ikkje veit kvar det ligg, finn du kart her: http://www.gulesider.no/kart/

Av omsyn til miljøet sender me ut sakspapira elektronisk. Me sender til e-postlista vår, so om du ikkje står på lista allereie, er lurt å melda seg på no. Det gjer du ved å senda ein tom e-post til smin-subscribe@yahoogroups.com. Du kan lesa meir om e-postlista vår her: http://smin.no/om-smin/kontakt-oss/

Sakliste for årsmøtet

1.         Godkjenning av innkalling og sakliste

Val av ordstyrar og møteskrivar

2.         Årsmelding 2010

3.         Rekneskap 2010

4.         Arbeidsprogram for 2011

5.         Medlemspengesats

6.         Budsjett for 2011

7.         Val av nytt styre og utsendingar til landsmøtet åt Norsk Målungdom og landsmøtet åt Noregs Mållag

8.         Ymse

Det vert litt å drikka og bita i, og etter møtet finn me på noko kjekt i lag.

Send gjerne ein e-post til oss (styret@smin.no) om det er noko du lurer på. Vel møtt!

For styret i SmiN

Kristin Fridtun, leiar

Gje innspel

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Gyldighetsområde
omskriving: område der noko gjeld (t.d. «område der formlane gjeld»)

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Dude, where

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.