Studentmållaget i Nidaros

SmiO er 110 år!

Torsdag 12. august 2010

I haust vert “systerlaget” vårt, Studentmållaget i Oslo (SmiO), 110 år. SmiN ynskjer SmiO til lukke! Dessutan vil me at so mange som råd skal få vita om og delta på det storstilte jubileumsseminaret dei skipar til. Seminaret skal vera i Oslo, Det Norske Teatret, frå laurdag 4. til sundag 5. september. Jubileumsseminaret er samkøyrt med det årvisse haustseminaret til Noregs Mållag.

No er programmet klart (sjå her). Her er stint med gode greier: Gjæve innleiarar og interessante emne. Og me skal ikkje gløyma jubileumsfesten på laurdagskvelden. :) Me i SmiN oppmodar alle SmiN-arar til å hiva seg med!

Seminaret er gratis for studentar (men festmiddagen kostar ein hundrelapp), og me gjev reisestønad til dei som vil fara. Me kan òg hjelpa til med å finna overnatting til dei som treng det. Påmelding til magnus.bernhardsen@nm.no so snart som råd.  Andre praktiske meldingar finn de her.

Kom, kom!

For SmiN-styret

Kristin Fridtun

Gje innspel

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Gyldighetsområde
omskriving: område der noko gjeld (t.d. «område der formlane gjeld»)

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Kjøkengjengen i aksjon!

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.