Studentmållaget i Nidaros

Uadressert bokmål? Nei takk!

Sundag 09. mai 2010

Studentmållaget i Bergen har laga nokre spildrande nye og ovende gilde klistremerke som vi rår dykk til å glytta på. Morosame saker! De kan tinga merka her.

Innspel

  1. Eg fekk nyst eit lass med dei i postkassa.

    For resten, når det plar vera møte? Koss ser studentlaget på lagslemer i videregåande?

  2. Eg fekk mine rett før helga. Veldig stilige!

  3. Heisann!

    Ja, desse merka er storstilte saker!

    Til no har me ikkje hatt møte til faste tider – me tek det når det trengst. Og du kan tru me ikkje har ikkje imot lagslemer i vidaregåande! Serleg ikkje om du vert student til hausten alt. Trondheim har eit målungdomslag, drive av studentar ved ulike vidaregåande skular i byen (Målungdomen i Nidaros). Me plar skipa til ulike samlingar og aksjonar og slikt i lag. So her er det berre å velja og vraka!
    Er du medlem i NMU frå før?

    Vensam helsing
    Kristin Fridtun
    leiar i SmiN

  4. Takk for svar!

    Eg skal melda meg inn i NMU ved næste løning. Målungdomen i Nidaros er ikkje spesielt synlege på veven, ser eg. Det er litt dumt, då det er lite von for å slå gjennom i fintrønderske aviser som Adressa.

Gje innspel

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Slot
programlomme -a «Fjernsynskvelden er delt inn i programlommer.»

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Potetskrellaren

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.