Studentmållaget i Nidaros

SmiN-tur til Ringve museum

Onsdag 26. mai 2010

Det går mot sumar og semesterslutt, og denne gongen legg Studentmållaget i Nidaros sumaravslutninga til Ringve museum. Her finn me gamle musikkinstrument og vørdelege bygningar og barndomsheimen til sjøhelten Tordenskiold og ei triveleg kro og det er ikkje måte på!

Avslutninga skal vera sundag 6. juni, og me dreg ut til Lade med buss nr. 3 frå Munkegata, med avgang 11.05. Det er sjølvsagt lov å møta opp på museet òg. Det er gjævt om de seier frå på førehand om de har tenkt å vera med, men det er inga bindande påmelding e.l. Berre kom og ver med!

SmiN kostar billetten din, so ta med deg studentprovet ditt, for studentpris er fine greier.

Stutt sagt: SmiN-tur til Ringve museum sundag 6. juni, avgang 11.05 med 3′ern frå Munkegata.

Du kan lesa meir om Ringve museum her.

Tak med deg ein ven eller to og kom! :)

Innspel

  1. Lukke til i morgon! Skulle ynskja eg var der… :)

  2. Ja, det vert storslegne saker! God sumar der nord!

Gje innspel

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Uendelighet
endeløyse -a

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Tenkjing

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.