Flaumen går / i Noreg er vår!
Gode SmiN-arar, her kjem siste nytt frå laget:
“Eg stend eg, seddu” (Olav H. Hauge):
Studentmållaget kjem til å stå på stand på Dragvoll måndag 26. april (frå 11.00 til 14.00) – då er alle velkomne bortom til ein prat eller litt “munngodt” eller berre for å sjå litt på tilfanget me har. Me sel ordlister, Nynorsknøkkelen, jakkemerke, songbøker og slikt noko for ein rimeleg penge. Me i styret er huga på verta kjende med resten av lagslyden, so gleda vert stor om du stikk innom.
“Dei som har munn, søkjer mat” (gamalt ordtøke)
Torsdag 6. mai skipar me til eksamensfrukost. Gildet skal vera i rom D111 på Dragvoll (atter på Dragvoll…). Me tek til klokka 08.00 og reknar med å svelgja siste brødbiten innan klokka 09.00.
Studentmållaget ordnar med brød, pålegg, varm og kald drykk, papir og godt selskap – so berre kom som du er!
Me skal skipa til sumaravslutning òg, men det vert nærmare semesterslutt.
Vona er at me òg skal få i stand eit ope møte/studiemøte i vår, og me skal sjølvsagt melda ifrå både her og på e-postlista dersom det vert noko av.
Då står det berre att å ynskja alle lagslemer god vår og god eksamenslesing! (eller oppgåveskriving)






