Studentmållaget i Nidaros

Eksamensfrukost

Onsdag 18. november 2009

Onsdag 25. november vert det atter eksamensfrukost med Studentmållaget.

Me skal vera på Dragvoll, rom D111. Gildet tek til i 8-tida, og varar til om lag 9.00 (det vil seia at det er gløgt å koma ei god stund før 09.00, slik at det er mat att og tid til å tyggja!)

Studentmållaget diskar opp med brød, pålegg og drykk.
Merk: Du må vera medlem i laget for å nyta av den innkjøpte maten, men det er fullt lovleg å ta med eigen mat og eta den i lag med oss, dersom du av ein eller annan (utruleg) grunn ikkje er medlem i SmiN.

Hjarteleg velkomne til ein knallstart på ein “no-må-eg-lesa-til-eksamen”-dag!

Helsing frå styret

Psst! Bilete frå førre eksamensfrukosten kan du sjå her.

Gje innspel

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Editor
redaktør -en (av eit blad), bladstyrar -en (for eit blad), redigerar -en (på ein film), klyppar -en (på ein film)

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
BUL-hytta

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.