Studentmållaget i Nidaros

Studiemøte om dialekt og normert tale i media

Fredag 17. april 2009

Onsdag 29. april skipar Studentmållaget i Nidaros til ope møte/studiemøte om dialekt og normert tale i media (hovudsakleg radio og fjernsyn). Møtet tek til klokka 18.00. Møtet skal vera på rom R54 i Realfagsbygget på Gløshaugen. Innleiar denne kvelden er Tarjei Vågstøl frå Kringkastingsringen (‘Krinken’). Etter innlegget tek me eit godt, gamaldags ordskifte. Etter planen skal sosiolingvist Brit Mæhlum delta i ordskiftet og vera tilgjengeleg for spørsmål.

I dag er dialektbruk fullt ut akseptert i media (endå nokre dialektar er meir aksepterte/umarkerte enn andre). I NRK er alle slags dialektar tillatne so lenge det som vert sagt er forståeleg. Men på kva slags måte påverkar dialektbruken i media skriftspråka våre? Og kva er føremonene og ulempene ved auka bruk av normert tale? På kva slags måte er den utbreidde bruken av dialekt i media med på å stengja ute folk som er i ferd med å læra seg norsk? Kjem nynorsken til å verta styrkt dersom fleire tek han i bruk munnleg? Spørsmåla er mange, og det er meiningane òg. Dette vert eit spanande og lærerikt møte!

Interessante stykke og radioprogram:

Radio (NRK): Dialekt eller normert nynorsk?

Kronikk (Aftenposten): Når dialekt blir maktspråk

Det er sjølvsagt kostnadsfritt å vera med, og alle er velkomne anten dei har det eine eller andre målsynet.  :-)

Vel møtt!

Helsing

SmiN-styret

Gje innspel

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Medlemsforsamling
lagslyd -en

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Ullgenser

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.