Landsmøtet i NMU 2009
Gode SmiN-ar!
Når årsmøtesesongen går mot slutten, so tek landsmøtesesongen til. I år skal landsmøtet åt NMU vera i Stavanger 27.-29. mars. Landsmøtet er det høgste organet i samskipnaden, so det er viktig at lokallaga kjem mann- og kvinnsterke til møtet. Landsmøtetalaren er Hadia Tajik, politisk rådgjevar i Justisdepartementet. De kan lesa meir om landsmøtet på landsmøtesidene åt Norsk Målungdom.
SmiN har høve til å senda seks utsendingar, men til no har me berre fire påmelde. Det er òg høve til å fara på landsmøtet som observatør, det vil seia at ein ikkje er røystefør. Det er berre å ta kontakt med oss i SmiN-styret (styret@smin.no) eller NMU sentralt (nmu@nynorsk.no) dersom de er huga på å fara. Om ein vil vera med å påverka politikken til NMU so er landsmøtet utan tvil staden å vera.
Sakpapira vert sende ut om ikkje so altfor lenge.
Vensamt
Kristin for SmiN-styret






