Årsmøtet
No er det atter årsmøtetid, og i år er SmiN-årsmøtet tysdag 10. februar klokka 18.00 i BUL-lokala i Dronningens gate 23. Innkallinga vart sendt i posten for ei dryg veke sidan, og no voner me at mange kjem innom og er med på møtet. Sakpapira sender me ut på e-post, so dersom du ikkje har skrive deg på e-postlista kan det vera lurt å gjera det no. Send ei tom melding til smin-subscribe@yahoogroups.com for å melda deg på.
På årsmøtet vert det lett servering, god stemning, og kanskje tek me ein kafé-tur eller liknande etterpå.
For SmiN-styret
Kristin Fridtun






