God jol til alle SmiN-arar og nynorskingar
Me i SmiN-styret seier takk for i år og ynskjer alle ei knakandes god jol! 2008 har vore eit rikt og metta år med både sigrar og nederlag. Det var stas å endeleg få ein kinofilm med nynorsk tekst, men det var likso leitt å måtta ta runden om målform i eksamensoppgåver endå ein gong. Me vonar medlemene vil vera med på dansen neste år òg, kan henda vert det fleire store framsteg og sigrar for målungdomen og nynorsken.
Beste helsing frå Silje, Aline, Ola, André og Kristin.






