Studentmållaget i Nidaros

SmiN i Dusken att

Torsdag 20. november 2008

I nummer 16 av Under Dusken kan du lesa om korleis nynorskstudentar ved NTNU støtt får eksamen på bokmål. Mange av dei tilsette ved NTNU nektar å laga oppgåvesettet på nynorsk, og det mest nytta motargumentet er “det er ikkje mitt språk”, “eg kan det ikkje”, “kva er poenget, de forstår jo bokmål?”, “det finst ingen terminologi” og so bortetter. Eit av institutta har til og med ein stygg uvane: dei gjev eksamensoppgåvene som vedlegg, og trur dimed at dei kjem seg unna, for vedlegg treng berre liggja føre på éi målform (jf. forskrift for målform i eksamensoppgåver).

Takk vere nynorskstudentar som sende inn klage vart Språkrådet merksame på saka no i vår, og dei arbeider enno med å få NTNU til å sjå gjennom rutinane sine. Det trengst, ser det ut til, for ho som uttalar seg for NTNU i UD-artikkelen seier ho ikkje kjenner til professorar som ikkje kan skriva nynorsk. Litt lengre ned på sida er Hansen frå fysikk prov på at dei finst. Vel, vel. Det er enno mykje att å gjera!

Dette er eit av arbeidsfelta til SmiN, og me har samla saman råd og hjelp på eksamenssida vår.

Heng gjerne opp eksamensplakaten vår på lesesalen din. Ta kontakt om du vil vita meir om rettane dine.

Gje innspel

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Gyldighetsområde
omskriving: område der noko gjeld (t.d. «område der formlane gjeld»)

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
André med eit tårn av skiver og tomat

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.