Studentmållaget i Nidaros

Siste innspurt i plakattevlinga. Vil du vera med?

Tysdag 25. november 2008

SmiN treng nye plakatar til å hengja opp på tavlene våre i Gata på Dragvoll og Stripa på Gløshaugen. Difor har vi sett i gang ei plakattevling, og alle som vil kan senda inn sine bidrag – plakatane kan vera både handlaga og datalaga, i alle slags former og fargar. Det viktigaste er at tekst som *mållag*, *studentmållag*, *nynorsk* eller liknande er godt synleg. I tillegg vevadressa vår, www.smin.no, vera ein eller annan stad på plakaten. Tanken er at folk skal sjå oss endå dei berre stressar forbi.

De kan senda bidraget til styret@smin.no eller til Kristin Fridtun (send e-post på styrelista so får du adressa dersom du sender noko handlaga).

Vi vil helst ha bidraget inn innan 1. desember, men dersom du treng utsetjing på nokre dagar kan vi sjølvsagt gje deg det.

Vensam helsing

SmiN-styret

Gje innspel

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Resepsjonsforsking
mottakingsforsking -a/i

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Ja visst!

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.