Studentmållaget i Nidaros

Nynorskkurs med Ingar Arnøy 4. og 5. november

Fredag 17. oktober 2008

Me held fast på den gode tradisjonen med å skipa til nynorskkurs på hausten. 4. og 5. november, tysdag og onsdag i veke 45, køyrer me på med kveldskurs med Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag. Kurset vert halde på Dragvoll, NTNU, frå 17.00 til 20.00 båe kveldane.

Styret ordnar med noko å drikka og bita i, og det vert høve til å kjøpa tilfang av ymse slag.

Me rår alle til å reklamera for kurset, anten ein skal dit sjølv eller ikkje. Kursa til Arnøy er ikkje reint språklege, med på lasset kjem ein god del ideologi, (språk)historie, dialektlære, politikk og endå meir til. Dimed har både røynde og urøynde nynorskingar og bokmålingar utbytte av kurskveldane!

Kurset er sjølvsagt gratis, og alle er hjarteleg velkomne.

Send ein e-post til styret@smin.no om du har spørsmål eller vil melda ifrå om noko.

Bestehels

styret

Innspel

  1. Heng gjerne opp ein plakat for nynorskkurset på lesesalen din eller liknande.

  2. Jau! Og me nordistane fær kringom på grunnfagsførelesingar og gjev ut plakatar – og folk dreg dei til seg som var det varme kveitebollar! Eller noko slikt.
    :)

Gje innspel

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Medlemsforsamling
lagslyd -en

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
BUL-hytta

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.