Studentmållaget i Nidaros

Studentsamlinga 26.-28. september

Tysdag 16. september 2008

Hu-hei, studentsamlinga i Nidaros nærmar seg med stormsteg! No har me laga ferdig programmet og er klare til å ta imot gjengen og laga ei kjempesamling :)

Samlinga vår skal vera på Singsaker skule. Adressa til skulen er Jonsvannsvegen 2. De kan sjå kart på gulesider.no.

De kan ta buss 63 for å koma til skulen. Sei til sjåføren at de vil av so nær Singsaker skule som råd (haldeplassen heiter Jonsvannsveien).

Rutetider finn de på: Team-Trafikk.no (pdf). De skal på bussen som går i retning Dronningens gate – Singsaker.

Det kostar 350 kroner å vera med på samlinga. Pengane svarar de til økonomiandsvarleg i SmiN, Ola Haugen Havrevoll – helst med éin gong de kjem til skulen.

Program for helga

Fredag

Frå 17.00: Innsjekking og middag

18.00: Sigbjørn Hjelmbrekke talar om ordliste- og terminologiarbeid

Mellom desse punkta vert det høve til samrøde og kaffidrikking og spel og sprell av ymist slag

21.00: kinopremiere på «Tropa de Elite» – med nynorsk teksting! Nova Kinosenter

Laurdag

09.00: Frukost

10.30: I regi sentralstyret og studentutvalet: Studentpolitikken åt NMU

11.30: Kaffi/saftstogg med frukt og kjeks

12.00: Innlegg frå forfattarane av ei innføringsbok i norske målføre for utanlandsstudentar. Dette vert eit høgdepunkt!

14.00: Dagverd

15.00: I regi sentralstyret: Målfararkurs

17.00: Kaffi/saftstogg med frukt og kjeks

17.15: Eva Holthe Enoksen: Korleis argumentera godt for nynorsk?

18.30: Middag – TRØNDERSODD med ymse godsaker attåt

Utpå kvelden: her vert det litt av kvart å velja i:

Are Kalvø skal i elden saman med mellom anna Espen Beranek Holm i samhøve med Trondheim Kammermusikk Festival. Konserten (eller kva ein skal kalla det) byrjar klokka 22.00 på Dokkhuset, og for studentar med studentprov kostar det 150 kroner å koma inn. De kan sjå meir på Dokkhuset.no: Pratagraf, og konsertar.

Det vert elles høve til å spela spel og vera med på heimesnikra quiz på skulen, eller ein kan ta seg ein tur ut i laurdags-Nidaros. Berre fantasien set grenser! ;)

Sundag

09.30: Frukost

11.00: Ragnhild Ljosland fortel om målstoda i akademia og målpolitikken åt NTNU. Ho har skrive master- og doktorgrad om emnet og kjenner saka overlag godt!

12.30: Kaffi/saftstogg med frukt og kjeks

13.00: Tvikamp: målstoda i akademia – ein verkebyll?
Fysikkprofessor Alex Hansen og NMU-leiar Jens Kihl er ikkje nett samde om kva slags målpolitikk ein bør ha i akademia.

Ordstyrar: Synnøve Midtbø Myking.

14.00: Vaflar. Dinest vert det vask og utsjekking og avskil.

Gje innspel

Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Medlemsforsamling
lagslyd -en

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
På vegen 3

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.