Studentmållaget i Nidaros

Studentmållaget i Nidaros er studentlaget til Norsk Målungdom i Trondheims-området. Me arbeider for å tryggja rettane til nynorskbrukande studentar, og for å fremja nynorsken som eit alternativ for alle.

25.04.2012: Det skjer i mai!

Onsdag 2. mai gjev me deg sjansa til å puste ut litt mellom leseøktene. Då skipar me nemleg til eksamenslunsj i kantina på Dragvoll klokka 12.00. Du tek med matpakke, SmiN kostar drikke og stiller med blanke ark og fargestifter, slik at du kan gje oss ditt bidrag til den nye SmiN-teskjorta! Meld deg på facebookhendinga her.
Det nærmar seg slutten på student-målåret, og i det høve skipar me til sumaravslutning i Nidarosdomen sundag 6. mai klokka 13.00. Me møtest utanfor Nidarosdomen, får me oss ei omvisning og går på kafé etterpå. Meld deg på facebookhendinga her.
Alle medlemmer er hjarteleg velkomne!

11.04.2012: Matpakkesamling 16. april

Måndag 16. april klokka 14.00 skipar SmiN til matpakkesamling i kantina på Realfagbygget på Gløshaugen. Ta med matpakke, godt humør og kanskje ei god historie, så ordnar SmiN med noko godt i koppen. Vel møtt! (Rop “Ivar Aasen” eller ring leiar Kirsti på 48264518 dersom du ikkje finn oss)


16.03.2012: Studentsamling i Trondheim 21.-22. april

I år skipar SmiN til studentsamling for alle ihuga målstudentar. Samlinga skal vera helga 21.-22. april (men kom gjerne på fredagskvelden, altså, me ordnar hyggje og ein plass å sova). Alt er ikkje spikra enno, men her er det me veit:

Me legg opp til at deltakarane bur privat. Sei frå til styret dersom du ikkje har ein stad å bu, så får du husrom hjå ein av styremedlemene.

Påmeldingsfristen er 31. mars. Send ein e-post til
smin-styret(a)list.stud.ntnu.no, og sei frå om allergiar eller andre ting me må ta omsyn til.

Hiv deg gjerne med på facebookhendinga vår.

Førebels ser programmet slik ut:

Fredag:
Folk kjem. Innkvartering.
20.00: Kveldsmat og spel på Choco Boco Bakklandet.

Laurdag:
Morgonverd der folk bur.

10.00-12.00: Byvandring med Trondheimslosen.

Stad: Kanalromet på kultursenteret ISAK i Midtbyen
12.00: Dugurd.
14.00: Føredrag med Åsta Øvregaard og  Egil Albertsen frå CALST.*
15.00: Stipendiat og ordboksredaktør Leiv Inge Aa gjev oss smakebitar og gullkorn frå Norsk Ordbok (band 10 kjem snart ut!)
16.00: Kaffipause
16.30: Føredrag med Synnøve Midtbø Myking om studentmålsak.
18.00: Underhaldning ved forfattarsystrene Sigrid og Guri Sørumgård Botheim.
20.00: Middag på Lyche (Samfundet).

Sundag:
10.30: Føredrag med Jens Kihl om Språkåret 2013.
12.00: Høgtlesing med Ingrid Storholmen.

* Du kan lesa om CALST-prosjektet her: http://www.ntnu.no/isk/prosjekter/calst


03.03.2012: Nytt styre i SmiN

Onsdag denne veka hadde Studentmållaget i Nidaros årsmøte. Det var ei triveleg samkome med både nye og gamle SmiN-arar til stades, og dessutan var Eva frå sentralstyret med på moroa. Årsmøtet vart krona med velfortent hyggje på Mikrobryggeriet.  Oppritet frå årsmøtet kan du lesa her. Det nye styret i SmiN ser slik ut:

Kirsti Lunde, leiar
Atle Brandsar, nestleiar
Ola Haugen Havrevoll, økonomiansvarleg
Nora H. Serigstad, styremedlem
Emil Henry Flakk, styremedlem
Inger-Lise Kvamme Aaland, styremedlem

Me ynskjer Nora og Inger-Lise velkomne inn i styrevarmen, og gler oss over at Kirsti skal leia laget framover.

No har me eit spanande semester framfor oss, med studentsamlinga her i Trondheim (21.-22. april) som eit av høgdepunkta.  Fylg med, fylg med!


13.01.2012: Vinterleir på Røros 27.-29. januar

Hei, målstudentar!

Kom i hug at NMU skipar til vinterleir like i nabolaget (på Røros) 27.-29. januar. Ta kontakt med Skrivarstova eller SmiN-styret om du har praktiske eller upraktiske spørsmål. Hiv deg med!

Du kan lesa meir om leiren her.


Medlemskap

Ynskjer du å verta medlem? Medlemskap i laget kostar 50 kr. det fyrste året.

Finn ut meir.

Kontakt oss

Du kan kontakta oss på styret@smin.no.

Fleire vis å ta kontakt

Seinaste medieoppslag

«Stryk i nynorsk»
Under Dusken om nynorsk ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

SmiN elles i media

Ord for dagen

Gyldighetsområde
omskriving: område der noko gjeld (t.d. «område der formlane gjeld»)

Bla i ordlistene

Ordet som RSS

Fotoalbum

Tilfeldig bilete:
Mat

Nyaste album:
Eksamensfrukost mai 2009

Glytt i fotoalbuma

Opphavsrett © Studentmållaget i Nidaros. Ettertrykk forbode utan løyve.